Løyver 6,3 millionar til reiselivssatsing

Destinasjonsselskap, ladetilbod og utvikling av kloster som reisedestinasjon. Dette er noko av det som no får midlar frå hovudutval for næring.

Fjord og fjell i Sogn.
VIL STØTTE REISELIVSNÆRINGA: Fylkeskommunen ønskjer med dette å støtte ei hardt prøva reiselivsnæring, slik at ho skal bli meir berekraftig. Illustrasjonsfoto frå Sognefjorden: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen ønskjer med dette å støtte ei hardt prøva reiselivsnæring, slik at ho skal bli meir berekraftig. Reiselivet i Vestland er framleis ikkje tilbake etter pandemien, og 2022-sesongen har generelt sett vore dårleg. Grunnen er både dårleg sommarvêr på Vestlandet og framleis få gjester frå utlandet samanlikna med åra før pandemien.

Destinasjonsselskapa med viktig rolle

– Det er viktig å støtte opp om reiselivsbedriftene og oppretthalde aktivitet framover for å sikre utvikling av reiselivet i Vestland. Her har destinasjonsselskapa ei viktig rolle. Dei arbeider tett med reiselivsbedriftene, kommunane, landsdelsselskapet Fjord Norge og andre næringsaktørar med både marknadsføring og destinasjonsutvikling, seier Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring.

Han legg til at destinasjonsselskapa har vore ei viktig støtte for bedrifter som har måtte tenke nytt om bedrifta si under pandemien. Dei er også ein viktig marknadsføringsaktør.

Slik er fordelinga av midlar til destinasjonsselskapa sitt arbeid i 2023:

  • Visit Bergen kr 1 000 000
  • Visit Sunnhordland kr 550 000
  • Visit Hardangerfjord kr 560 000
  • Visit Voss kr 500 000
  • Visit Sognefjord kr 660 000
  • Visit Nordfjord kr 610 000
  • Visit Fjordkysten og Sunnfjord kr 620 000

Elbillading og kloster

Hovudutval for næring vedtek også å løyve 0,5 millionar kroner til elbil-lading på reiselivsdestinasjonar. Dei seinare åra har synt kor viktig det er for reiselivet å kunne tilby elbil-lading. Tilgang på destinasjonslading tiltrekker turistar, og mangel på det avviser besøkande som kjem med elbil. Fylkesdirektøren får fullmakt til å tildele midlane.

I tillegg til dette løyver dei 0,5 millionar kroner til Stad kommune for å ta vare på og levandegjere Selja kloster som besøksmål og heilagstad. Dette skjer i tråd med tiltak som samarbeidsrådet for Selja kloster einast om. I tillegg til fylkeskommunen består samarbeidsrådet av Stad kommune, Bjørgvin bispedøme, Oslo katolske bispedøme og Opplysningsvesenets fond.

Vil utvide sommarsesongen

Fylkeskommunen løyver også 800 000 kr til Fjord Norge AS som skal brukast til å styrke konkurransekraft og etterspurnad i 2023. Det inneber mellom anna å arbeide for å utvide sommarsesongen. Dette kan vere med på å auke verdiskapinga, produktiviteten og lønsemda hos næringa.