Lærarstreik ved sju vidaregåande skular

Frå måndag 22. august blir det lærarstreik ved sju vidaregåande skular i fylket. I alt 122 lærarar ved desse skulane er tatt ut i streik.

To elevar med headset får hjelp av lærar. Foto.
STREIK: Lærarstreiken vil råke undervisinga ved sju vidaregåande skular i Vestland. Arkivfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Slik råkar streiken skulane:

  • Bergen Katedralskole: 10 lærarar i Norsk Lektorlag er alt i streik. I tillegg er 54 lærarar i Utdanningsforbundet tatt ut i streik frå måndag.
  • Slåtthaug videregående skole: 28 lærarar i Utdanningsforbundet og 5 lærarar i Skolenes Landsforbund.
  • Amalie Skram videregående skole: 1 lærar i Utdanningsforbundet.
  • Årstad videregående skole: 1 lærar i Utdanningsforbundet og 8 lærarar i Skolenes Landsforbund.
  • Os vidaregåande skule: 5 lærarar i Skolenes Landsforbund
  • Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule: 5 lærarar i Skolenes Landsforbund.
  • Austevoll vidaregåande skule: 5 lærarar i Skolenes Landsforbund.

Kan bli trappa opp

Streiken kan bli trappa opp. Ei eventuell opptrapping av streiken vil bli varsla fire dagar før den trer i kraft.

På nettsida til Vestland fylkeskommune kjem det ny informasjon om eventuelle streikeuttak.

Merk at elevar skal møte på skulen etter ordinær timeplan dersom det ikkje er gitt anna melding frå skulen. Elevane får ytterlegare informasjon på skulen.