Kommunar kan få tilskot til satsing på e-sport

Kommunane i fylket kan no søkje fylkeskommunen om tilskot til å utvikle modellar for gode breiddetilbod for e-sport og gaming. Samstundes er Idrettsklynge Vest i gang med å planlegge arrangementet «Ein generasjon satt på spill?» under Arendalsuka i august.

foto av ungdomar som spelar dataspel
E-SPORT: Vestland fylkeskommune oppmodar kommunande som søkjer om tilskot om å sjå på høve for sambruk og fleirbruk for å implementere e-sport og gaming i eksisterande arenaer for kultur og idrett. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Gaming og e-sport er blant dei største fritidsinteressene for barn og unge. I tillegg er det på veg inn i skule, idrett, utdanning og helsevesen. Vestland fylkeskommune lanserte som første fylkeskommune i landet ein eigen strategi for e-sport i 2021 og har fått merksemd nasjonalt for arbeidet med tematikken.

No lyser fylkeskommunen ut 205 000 kr i e-sport-tilskot til kommunar i fylket. Tilskotet skal vere ei starthjelp til gode lokale tilbod, som igjen kan vere modellar for andre kommunar. Søknadsfristen er 1. juli.

Tilskot for breiddetilbod

– Vestland fylkeskommune skal vere med og leggje til rette for både topp- og breiddetilbod innan gaming og e-sport. I fjor delte vi ut det første utviklingsstipendet for e-sportutøvarar, for å leggje til rette for topputøvarar. No konsentrerer vi oss om breiddetilbodet og oppmodar kommunane til å sjå på sambruk og fleirbruk for å få e-sport og gaming inn på arenaer for kultur og idrett, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Målet er å få på plass modellar i nokre kommunar, som også kan leggje til rette for liknande tilbod i andre kommunar. Ein viktig del av Vestland fylkeskommune si satsing på gaming og e-sport er å hindre utanforskap og leggje til rette for deltaking og inkludering.

E-sport på Arendalsuka

Idrettsklynge Vest er ein viktig samarbeidspart for fylkeskommunen i dette arbeidet. Her er Vestland fylkeskommune ein av åtte aktørar, og fylkesordførar Jon Askeland er styreleiar. Torsdag 18. august deltek han saman med representantar frå Vestlandet E-sport, Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen på Arendalsuka.

Då inviterer Idrettsklynge Vest til arrangementet «Ein generasjon satt på spill?», der dei stiller spørsmålet om vi gamblar med framtida til barn og unge ved å late dei game. Diskusjonstemaet blir korleis vi som storsamfunn skal møte dette fenomenet på rett måte dei neste fem åra.

Arendalsuka er ein møteplass for alle som er engasjerte i samfunnet og utfordringar vi står overfor.

Har tilsett e-sportkoordinator

Vestland fylkeskommune skal vere ein tilretteleggjar og kunnskapsressurs i arbeidet med e-sport og gaming, med utgangspunkt i prinsippet om ei armlengds avstand. Det betyr at fylkeskommunen skal koordinere, leggje til rette og bidra, men at miljøet sjølv er dei styrande. Ein viktig milepæl i så måte var tilsetjinga av e-sportkoordinator Bjørn Inge Nøkling i Vestlandet E-sport i mars i år. Han samarbeider med både Vestland fylkeskommune og Idrettsklynge Vest.

E-sportkoordinatoren jobbar tett med e-sport og gaming i heile fylket og planlegg aktivitetar på tvers av ei rekke ulike aktørar. Ved å koordinere ressursane, samle og dele kompetanse og kunnskap, er målet å finne gode løysingar og etablere fleire trygge, organiserte tilbod og inkluderande meistringsarenaer for barn og unge.