Klimavennlege hurtigbåtar ut på anbod på nyåret

– Dette vedtaket tek oss eit steg nærare utsleppsfrie hurtigbåtar, seier fylkesordførar Jon Askeland, etter at hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm skal ut på anbod tidleg neste år.

Hurtigbåt
LÅGARE UTSLEPP: Hurtigbåtane mellom Bergen og nordre del av fylket skal bli meir miljøvenlege. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fylkesutvalet har gitt Skyss i oppdrag å legge fram sak med forslag til kontraktskrav, konsekvensar og mandat for anbodskonkurransen.

– Vi ønskjer overgang til klimavennlege hurtigbåtar så fort som råd. Anbodet skal legge til rette for ulike tekniske løysingar. Vi må difor ha noko fleksibilitet i kva teknologi vi går inn for. Men målet er å få stor reduksjon i utsleppa til beste for klima og oss som bur her, seier fylkesordføraren.

Fleire alternativ

Vestland fylkeskommune, gjennom Skyss, har i fleire år jobba for meir klimavennlege hurtigbåtar. Fleire alternative kontraktsverkemidlar er vurdert, for å ta i bruk ulike energiformer, som mellom anna batteri og hydrogen. I mai 2021 planla Skyss å sende hurtigbåtrutene ut på anbod, men avslag på støtte frå Enova stoppa dette.

– No skal Skyss jobbe vidare med anbodsgrunnlaget og justere det til dei tilgjengelege tekniske løysingane vi har i dag. Vi skal vere opne og ikkje binde oss til ei bestemt teknisk løysing. Planen er at vi skal få saka tilbake til politisk behandling igjen i januar/februar neste år. Då kan anbodet gå ut i mars, og vi kan få driftsstart for dei nye hurtigbåtane innan desember 2026, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Utfordra på teknologi

Skyss har hatt kontakt med dei ulike aktørane i bransjen og utfordra dei på kva teknologiar som er mogeleg å få til.

– Dei fleste vurderer 100 prosent nullutsleppsdrift som teknisk krevjande. Eit absolutt krav vil gje svært få tilbydarar og kan bli svært dyrt. Eit utsleppskutt mellom 70-95 prosent blir vurdert som mogleg av dei fleste aktørane. Det kan gjerast med ulike tekniske løysingar av fleire tilbydarar, men også her kan vi risikere at det vil koste, men prisen vil bli vesentleg lågare enn ved eit absolutt nullutsleppskrav, seier fylkesordføraren.

Aktuelle teknologiske løysingar

  • HybridElektrisk drift med batteri og lading er ei løysing som er aktuell. Her er utfordringa at batteria ikkje må bli for store og tunge. Lading undervegs eller skifte av batteri undervegs er alternativ som marknaden. Ei anna utfordring er framføring og utbygging av straum til kaiane.
  • Hydrogen er vurdert som energikjelde, men blir sett på som risikofylt.
  • Ammoniakk er vurdert som alternativ energikjelde. Den er karbonfri, men brukar diesel som tennvæske. Det er rekna ut at det er mogeleg med eit utsleppskutt opp mot 90 prosent ved bruk av ammoniakk.
  • Nytt design av skroget på hurtigbåten for å løfte den ut av vatnet blir også vurdert.  I dag har hurtigbåtane ein fart på 32 knop. Nytt design kan auke farten med opptil 30 prosent. Dette går på luftputeteknologi og foilar, som begge løftar båten over vatnet.

Kan auke farten

Marknaden melder at innovativt skrogdesign med lågare motstand gjer det mogleg å auke farten frå 32 knop i dag med opptil 30 prosent. I tillegg til å redusere energibehovet kan det frigjere tid til energioverføringa.

– Kombinasjonen av nye, innovative skrogtiltak og lading eller batteribyte undervegs kan redusere utfordringa med for tunge batteripakker vesentleg. Fleire aktørar meiner at dette gjer det teknisk mogleg med tilnærma heilelektrisk drift på rutene. Fleirtalet av aktørane vurderer det likevel som føremålstenleg å opne opp for diesel som rekkeviddeforlengar, for å unngå overdimensjonering av batteripakkene. Dei seier at hybridelektrisk drift er relevant, tilgjengeleg og prisbart. Om vi opnar for hybridisering og gjev ein viss fleksibilitet i rutetabellen, vurderer fleire aktørar det som mogleg å oppnå mellom 70 og 95 prosent utsleppskutt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Søknad om støtte

Miljødirektoratet gjev støtte til reduksjon av utslepp frå hurtigbåtar. Skyss har søkt om støtte på 50 millionar kroner til dei nye hurtigbåtane og viser til at ingen andre hurtigbåtprosjekt kan utløyse like store kutt i CO2 på ein gong som dette. Søknaden vil bli avgjort før saka kjem til ny behandling på nyåret.