Klimavenlege båtruter i bergensområdet

Elektrisk askøyrute, delelektrisk nordhordlandsrute, auka sykkelkapasitet, fleire avgangar og billigare billettar skal gjere det meir klimavenleg og attraktivt å ta båt til og frå Bergen sentrum.

foto av hurtigbåt sjøen framfor Bryggen på kveldstid
BLIR ELEKTRISK: Hurtigbåtane frå både Askøy og Nordhordland til Bergen sentrum blir heilt og delvis elektriske når dei nye kontraktane tek til å gjelde seinast i januar 2025. (Foto: Lasse Michelsen/Skyss)

Det bestemde fylkesutvalet i møtet 9. mars, då fylkesdirektøren fekk fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå driftskontrakt for både askøy- og nordhordlandsruta.

– Ny kontrakt på desse to viktige båtsambanda betyr mykje for folk i området rundt Bergen, som pendlar inn til byen for arbeid, skule og anna. For fylkeskommunen betyr det blant anna eit nytt og viktig steg i arbeidet med å elektrifisere og kutte utslepp i kollektivtrafikken i fylket. Vi har gjort ein stor jobb med ferjene og bussane, no står hurtigbåtane for tur, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Heil- og delelektrisk drift

Det er lagt opp til at ny operatør for rutene kan velje å starte opp ein gong mellom desember 2023 og seinast i januar 2025. Det er gjort slik fordi det framleis er usikkert kor lang tid ein treng for å ferdigstille nettoppgraderinga, ladeinfrastruktur og sjølve fartøya.

Det er bestemt at askøyruta skal driftast av to heilelektriske fartøy. Nordhordlandsruta må minst driftast med eit delelektrisk fartøy, og ei bonusordning vil løne ytterlegare kutt av drivstoff, noko som gjev operatøren grunn til å elektrifisere ruta så mykje som mogeleg. Det kan utløyse heilelektrisk drift dersom teknologien tillèt det. All energi må vere dokumentert fornybar. Tilsvarande modell blir brukt på lokalbåtrutene i Sogn og Fjordane.

Aukar kapasiteten på askøyruta

Rutetilbodet på askøyruta blir styrka med dei nye kontraktane. Ruta som i dag blir drifta av eitt fartøy som tek 299 passasjerar, vil i framtida bli drifta av to fartøy, som kvar tek 270 passasjerar. Det er også planlagt å auke frekvensen, frå 30 til 20 minuttars frekvens i rushtida og frå 60 til 40 minutts frekvens utanom rushet.

– Ruta frå Askøy til Bergen sentrum har hatt god passasjervekst dei siste åra. Og med framtidsplanane og vekstambisjonane til Askøy kommune, kan vi få eit endå betre passasjergrunnlag på denne ruta, seier fylkesordføraren.

Bidra til nullvekstmålet

I tillegg til auka kapasitet på kvardagar, skal også opningstida på laurdagsruta utvidast på askøyruta. Eit anna viktig tiltak er oppjustering av sykkelkapasiteten. Fylkesutvalet vedtok at begge fartøya som skal trafikkere ruta, skal ha plass til minimum 30 syklar.

Styrking av rutetilbodet på askøyruta skal bidra til nullvekstmålet i bergensområdet. Nullvekstmålet går ut på at all persontransportvekst i området skal takast med kollektivtransport, sykkel og gonge.

Skal bli enklare å velje kollektivt

Det er ønskeleg at også nordhordlandsruta skal bidra til nullvekstmålet, og eit verkemiddel for å få det til er å leggje ruta inn i takstsone A for bergensområdet. Det betyr at takstane på ruta vert like som for buss og bybane.

– Å innlemme nordhordlandsruta i denne takstsona vil gje ein meir heilskapleg takststruktur for det felles bu- og arbeidsmarknadsområdet som Bergen sentrum og områda rundt er. Vi håpar at vi ved å harmonisere takstane gjer det enklare og meir fleksibelt når folk skal velje reisemåte. Då kan reisande til og frå Alver velje mellom kombinasjonen buss/båt eller berre buss med same billett. Vi skal gjere det enkelt å reise kollektivt, slår fylkesordføraren fast.

Les meir om konkurranseutsetjing av rutene Kleppestø–Strandkaien og Knarvik–Frekhaug–Strandkaien i saksutgreiinga til fylkesutvalet.