Klart for nybygg ved Langhaugen videregående skole

Vestland fylkeskommune har signert kontrakt med K. Nordang AS om bygging av nybygget ved Langhaugen vgs. i Bergen.

illustrasjon av planlagt nybygg ved Langhaugen vgs.
SAMSTEMT: Nybygget ved Langhaugen vgs. har fått namnet Samstemt og er koordinert med dei eksisterande skulebygga gjennom form, plassering og uttrykk. Det er eit mål for byggeprosjektet å komplimentere eksisterande bygg, ikkje konkurrere med dei. (Illustrasjon: Ola Roald Arkitektur/K. Nordang AS)

Fylkestinget har vedteke at Langhaugen vgs. skal utvidast med om lag 90 elevplassar til totalt 720 elevar. Utbygginga omfattar nytt undervisningsbygg for musikk, dans, idrett og realfag, uteareal og samband mellom nybygget og eksisterande bygg.

I tillegg skal K. Nordang AS leggje til rette for parkering for både bil og sykkel, rive det eksisterande gymbygget og syte for trafikksikre avkøyringar og varemottak.

Bygget skal no utviklast vidare i ein samspelsfase fram til mars 2023, og det skal parallelt gjennomførast eit reguleringsarbeid før bygginga kan starte. Dersom reguleringsarbeidet går som planlagt, blir det byggestart hausten 2023 og opning mot slutten av 2025.

Særpreg og eigenart

Eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune fortel av K. Nordang AS har levert eit prosjekt med særpreg og eigenart. Hallvolumet er lagt under bakken, og taket over fungerer som del av utearealet på den sørvende skuleplassen. Det gjer til at bygget er ope, inviterande og utan bakside, i tråd med ønska frå fylkeskommunen.

Illustrasjon av nybygg ved Langhaugen vgs.
IDRETTSHALL: Den nye hallen er senka ned og plassert under bakken. Det reduserer volumet på bygget over bakken, slik at nybygget i mindre grad konkurrerer med eksisterande bygg. (Illustrasjon: Ola Roald Arkitektur/K. Nordang AS)

– Prosjektet har ei nytenkande tilnærming, som tilfører mykje nytt og mange gode løysingar i høve det eksisterande bygget. I nybygget er det lagt til rette for veksling mellom intime og opne soner, og heile prosjektet gir ei estetisk oppleving av høg kvalitet. Bygget gir inntrykk av å spele saman med, men likevel vere noko anna enn det eksisterande bygget. Det tilfører noko nytt til omgjevnadane, seier Fjærestad.

Samanheng i materialbruk

Bygget har mange sprang i fasadane, noko som bidreg til variasjon i uttrykk og skaper dynamikk og fine rom mellom areala ute og inne. Materialane som er brukte ute, blir også trekte inn i bygget, og det er ein tydeleg samanheng mellom bruk og samanstilling av materialar i fasadar, utomhus og interiør.

Interiøret er utforma med spennande lyssetjing og god variasjon mellom tre og bruk av farge i interiørkonseptet.

Illustrasjon av nybygg ved Langhaugen vgs.
INTERIØR: Grønfargen frå fasaden er også trekt inn i interiøret i nybygget, i detaljar som vindauge, dører og fast inventar, for å forsterke koplinga mellom det ytre og det indre. (Illustrasjon: Ola Roald Arkitektur/K. Nordang AS)

Framskoten konsertsal

Ein viktig del av nybygget er konsertsalen på 250 kvadratmeter. Denne har fått ein framskoten plass med ei vertikal inndelt form, der glas- og platekledde felt bryt opp volumet. Salen er synleg frå Slettebakksveien.

– Frå denne sida framstår nybygget visuelt som eit sjølvstendig bygg, men med klar tilhøyrsle til det eksisterande. Overgangen mellom den offentlege parken og skulearealet gir også ein saumlaus overgang til eit attraktivt utforma skuleanlegg, fortel Fjærestad.

illustrasjon av nybygg ved Langhaugen vgs.
KONSERTSAL: På den nordvende uteplassen er det planlagt ballbane, sykkelparkering og rampe opp til øvre skulegard. Frå denne sida er også den nye konsertsalen svært synleg. (Illustrasjon: Ola Roald Arkitektur/K. Nordang AS)

Skal styrke likeverd og samarbeid

Han seier vidare at det er eit mål med utbygginga å ta vare på dei tette banda og gode miljøa både mellom elevar og mellom elevar og tilsette. Utvidinga skal gje rom for læring på tvers av fagområde og leggje til rette for samhandling og sambruk av til dømes fellesareal, undervisningsrom og spesialrom.

– Vi vil lage eit skuleanlegg som styrker likeverd og samarbeid mellom fagområde, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.

I tillegg til nybygget skal også det eksisterande hovudbygget ved Langhaugen vgs. rehabiliterast. Det blir organisert i eit eige prosjekt og er difor ikkje med i kontrakten med K. Nordang AS.

Utbygginga av Langhaugen vgs. vil koste rundt 400 millionar kroner.