Klarsignal for vidare finansiering av Askøypakken og Kvinnheradpakken

Stortinget har no sikra finansieringa for ni fylkesvegprosjekt på Askøy og i Kvinnheradspakken. Bompengepakkane vart handsama i Stortinget før påske, og har no fått tilslutning til auka bompengebidrag for å fullføre prosjekta.

foto frå vegarbeid i Kvinnheradpakken
KVINNHERADPAKKEN: I vegprosjektet fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes blir det blant anna ny og betre veg mellom Sundal og Kroka. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det tyder fem år med bompengar på Askøy, som skal finansiere dei tre attståande fylkesvegprosjekta i pakken. I tillegg kjem det ein ny bomstasjon på Kleppe. Kvinnheradpakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune.

– No kan vi endeleg realisere ei rekkje vegstrekningar i dei to kommunane. Vegane her har dårleg standard, og for innbyggarane vil ny veg bety betre framkomst, trafikktryggleik og mindre rasfare. Dette er viktig i kvardagen til folk, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tre fylkesvegprosjekt

Dei tre fylkesvegprosjekta som no blir realiserte på Askøy er

fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
fv. 562/5266 Fromeide–Kjerrgarden
fv. 5266 Fauskanger sør

To prosjekt er starta opp: 

fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven 
fv. 562 Lavik–Haugland

Det er også sett av ramme til kollektivtiltak på 284 millionar kroner i pakken.

foto frå vegarbeid i samband med Askøypakken
ASKØYPAKKEN: Arbeidet på prosjektet fv. 213 Skiftesvik–Marikoven i Askøypakken er allereie i gang. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Mindre rasfare

I Kvinnheradpakken er føremålet med dei fleste prosjekta å utbetre standarden på eksisterande veg. Det blir bygging av gang- og sykkelvegar i tettbygde område. For to av dei prioriterte utbyggingsprosjekta er føremålet først og fremst skredsikring.

Det blir òg tatt omsyn til trafikktryggleik og framkome i planlegginga av desse prosjekta. Fv. 500 Furebergfossen bru er allereie ferdig, og den første delen av fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er i gang.

Innkrevjing på ferjesamband

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjing i Kvinnheradpakken skal gjerast  på ferjesambanda Ranavik–Skjersholmane, Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes og Skånevik–Utåker/Matre.

Det vil gje låge innkrevjingskostnader, men forslaget kan føre til at ferjetakstane aukar allereie i 2022. Bompengeinnkrevjinga vil etter planen vare i 15 år.

Les meir om

Askøypakken
Kvinnheradpakken