Inviterer nye og gamle elevar til fagleg og sosial sommarskule

Langhaugen vidaregåande skule i Bergen er ein av dei vidaregåande skulane i Vestland som arrangerer sommarskule. Innimellom programmering, matematikk og framandspråk er det også sett av tid til sosialisering med blant anna bordtennis og brettspel.

foto av elevar som har danseøving i ein sal på Langhaugen vgs. i Bergen
SOMMARSKULE: Dans er berre eitt av faga det blir tilbod om på sommarskulen på Langhaugen vgs. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Tilbodet er gratis for elevar som startar på alle tre trinn på Langhaugen denne hausten.

– Tanken er at dette skal vere eit tilbod til dei som vil jobbe fagleg i eitt eller fleire fag. Samstundes skal det vere ein sosial arena for å blir kjent med nye og gamle medelevar, fortel Åsne Kvamme, avdelingsleiar for musikk på Langhaugen vgs.

Kvar dag i veke 32

Sommarskulen går føre seg frå måndag 8. august til fredag 12. august, kvar dag frå kl. 9 til kl. 14. Elevane får tilbod om fagleg opplegg i programmering, skriving, matematikk, framandspråk, politikk, musikkteori og dans. På den sosiale sida blir det lagt opp til blant anna bordtennis, gitarkurs, brettspel og andre aktivitetar. Elevane på sommarskulen får mat i kantina på skulen kvar dag, og heile tilbodet er gratis.

Skulen har henta inn studentar frå Universitetet i Bergen som instruktørar, dei fleste tidlegare elevar ved Langhaugen.

Håpar på mange deltakarar

– Vi håpar så mange som mogleg nyttar sjansen til ei veke med fagleg opplegg, men kanskje endå viktigare tid til å møte att tidlegare medelevar og bli kjend med nye elevar. Her ligg i alle fall alt til rette for ein mjuk start før skuleåret tek til for alvor, seier Kvamme.

I Bergen skal også mellom andre Amalie Skram vgs.,  Olsvikåsen vgs. og Sandsli vgs. ha sommarskule no før det nye skuleåret tek til. På Knarvik vgs. er det eit sommartilbod for elevane denne veka (veke 31), og Fitjar vgs. inviterer nye og gamle elevar til sommarskule torsdag 11. august.