Hjertesone har gitt tryggare skuleveg
– Dette har gjort skulevegen tryggare for barn og unge, seier Jannicke Clarke etter at barneskulane i Bergen er blitt hjertesone. Ho er leiar av hovudutval for samferdsel og mobilitet i fylket.

Hjertesoneprosjektet har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Bergen kommune, Trygg trafikk og Statens vegvesen sidan 2017. No blir prosjektet avslutta og skal gå over i ordinær drift, leia av Bergen kommune. Fylkeskommunen skal framleis vere ein samarbeidspartnar.
Trafikktryggingsplan
– Målet med hjertesone er å gjere området rundt skulen tryggare for elevane. Dei aller fleste skulane har hatt synfaring, har utarbeidd trafikktryggingsplan og sett opp hjertesoneskilt og oppmerking. Hjertesone har bidratt til at fleire elevar går og syklar til skulen, og foreldrekøyring er redusert, seier Clarke.
Bergen var første kommune i landet som gjorde politisk vedtak om å etablere hjertesone rundt dei 66 barneskulane. Fylkeskommunen har bidrege med totalt 1,75 millionar kroner til gjennomføringa. Av prosjektmidlane står det om lag 70 000 kroner igjen. Hovudutval for samferdsel og mobilitet har vedteke at pengane skal gå til tilskot til trafikktryggingsaktivitetar, fortrinnsvis øyremerkt søknader/prosjekt knytt til hjertesone.
Endra køyremønster
Gjennom prosjektet har skulane vore pådrivar for at flest mogeleg elevar, tilsette og foreldre skal gå eller sykle til skulen.
– Vi har fått auka merksemd på trafikktryggleiken kring skulane og har fått ei fredeleggjering av nærmiljøet kring mange skular i Bergen. Prosjektet har bidrege til å endre køyremønster kring skulane og til å rette større merksemd mot dei mjuke trafikantane. No blir det viktig framover at trafikktryggingsarbeidet for barn og unge held fram når prosjektet no går over i ordinær drift, seier utvalsleiar Jannicke Clarke.