Heva kontrakten med entreprenør i Hjellestadvegen

Vestland fylkeskommune blir ikkje einige med entreprenøren. – No vil vi få ferdig vegen så fort som mogeleg, seier avdelingsdirektør Dina Lefdal.

veg under bygging, trafikkskilt.
IKKJE FERDIG: – Vegen skulle vore ferdig i 2019, det har vi diverre ikkje klart å få til. No er vi interessert i å få ferdig vegen så fort som mogeleg, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune. Foto: Silje Christine Alvsaker, Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune har valt å heve kontrakten med entreprenøren på vegprosjektet i Hjellestadvegen i Bergen. Diskusjonen og bakgrunnen for hevinga av kontrakten går på kvaliteten på delar av veganlegget.

– Vegen skulle vore ferdig i 2019, det har vi diverre ikkje klart å få til. No er vi interessert i å få ferdig vegen så fort som mogeleg, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune.

– Vi er lei oss for at dette har tatt tid. Naboar lurar på kva som skjer, og vi forstår godt at dei er leie av å vente.

Prosjektet er ein del av Miljøløftet, som er namnet på byvekstavtalen for Bergen og omegn. Den opprusta vegen skal gi betre framkomme for kollektivtrafikk og annan transport. Langs heile strekninga kjem det gang- og sykkelveg.

I tillegg til ny veg blir det gjort eit omfattande vatn- og avløpsarbeid i samarbeid med Bergen kommune.

Må grave opp igjen

No planlegg fylkeskommunen, saman med Bergen vann, korleis prosjektet skal bli ferdig.

Det som står igjen er ferdigstilling og retting av VA-anlegget, med mellom anna tilkopling til anlegget, fjerning av midlertidige leidningar, ferdigstilling av kantstein, asfaltering på gang- og sykkelveg, avkøyringar og hovudveg. I tillegg står det igjen arbeid på grøntområde og område mot naboar langs vegen.

– Diverre må vi grave opp igjen fleire stadar, og det blir redusert framkomme i periodar, seier Lefdal.

Ønskjer kjapp byggestart

Når vegen blir heilt ferdig kan ein diverre ikkje svare på no. Fylkeskommunen kjem tilbake med meir informasjon så snart ein veit noko meir. 

– Situasjonen er enno uklår, og førebels kan vi ikkje seie når bygginga startar igjen, men vi gjer det vi kan for at dette skal skje så kjapt som mogeleg, slik at vegen blir heilt ferdig. Naboar til Hjellestadvegen har vore tolmodige, og eg har forståing for at folk er leie av å vente, seier Lefdal.