Elevar i jamn konkurranse om NM-plass i helsearbeidarfaget

Bjørg (72) har fått hjerneslag og har fått nedsett kraft i høgre side. Ho er på opptrening, og må ta innover seg at sjukdomen kjem til å påverke livet framover. Det var oppgåva til elevane som deltok i fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfaget denne veka.

foto frå fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfaget i 2022
ERNÆRING: Bjørg frå Fitjar, i Vilde Heggøy (t.v.) sin skikkelse, har hatt eit hjerneslag og med det fått vanskar med å ete som før. Helsefagarbeidarane Aurora Spissøy og Sandra Karlsen forklarer kva som er fornuftig og ikkje og tilbyr smoothie i staden for eple, som er vanskeleg å tygge og svelge for Bjørg. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Konkurransen gjekk føre seg på Sogndal vidaregåande skule 15. februar, og deltakarlaga var frå Årdal vgs., Fitjar vgs., Måløy vgs. og vertsskulen. Dei var to på kvart lag som konkurrerte i helsearbeidarfaget. I tillegg hadde kvart lag med seg ein eigen «pasient», altså Bjørg.

Hjelp og rettleiing

Bjørg hadde levd eit aktivt liv før ho vart sjuk, men no treng ho hjelp, tilrettelegging og rettleiing når det gjeld personleg hygiene, kosthald og aktivitet. Ho har fått plass på ein rehabiliteringspost på ein sjukeheim. Helsefagarbeidarane måler blodtrykk og hjelper ho ut av senga etter middagskvilen.

«Kan eg få spekeskinke til kveldsmaten», lurer Bjørg på. Helsefagarbeidarane forklarer at med tanke på sjukdomen, så er ikkje det så lurt no. Då er det betre med vanleg skinke eller syltetøy. Høgrehanda fungerer ikkje som før, så ein del av opptreninga går ut på å lage til og ete maten sjølv. Helsefagarbeidarane gir råd og hjelper.

foto frå fylkesmeisterskap i helsearbeidarfag ved Sogndal vgs. i 2022
OPPTRENING: Mira Nykvist (t.h.) spelte Bjørg frå Årdal og vart utfordra av helsefagarbeidar Sandra til å prøve å smøre skiva si sjølv til kveldsmaten. Hjerneslaget for tre år sidan har gjort at Bjørg har nedsett kraft i høgre side av kroppen. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

God kommunikasjon

– Det var skummelt, men det gjekk fint når vi kom i gang. Vi hjelpte kvarandre gjennom det, seier Mira Nykvist, Sandra Odland og Yordanos Berhane, som deltok frå Årdal vgs.

Dei får også ros frå medelevane som var med, for å ha god kommunikasjon mellom pasient og helsefagarbeidarar. VG2-elevane er nettopp ferdige med praksis, og fortel at det difor ikkje vart så mykje tid til øving før konkurransen. Dei er einige i at konkurransen er bra øving, men at det er meir naturleg å utøve faget på ein ekte pasient enn på ein medelev.

Lærerikt å vere Bjørg

Også dei langvegsfarande deltakarane frå Fitjar vgs. var nøgde med både heile konkurransen og ikkje minst med kommunikasjonen i gruppa.

– Det var veldig kjekt! Vi var nervøse før vi kom i gang, men læraren vår sa «ro ned» og «hugs å puste». Vi kom inn i bobla, og tenkte at no er vi på jobb. Bjørg var veldig flink til å få fram det vi gløymde. Det er mykje å hugse, men ho stilte dei rette spørsmåla, seier Aurora Spissøy og Sandra Karlsen, som spelte helsefagarbeidarane.

foto frå fylkesmeisterskap i helsefagarbeidarfaget ved Sogndal vgs i 2022
RÅD OG RETTLEIING: Helsefagarbeidar Sandra frå Fitjar vgs. forklarer Bjørg kvifor flippflopp-sandalar er ein dårleg idé når ho er svekka og går ved hjelp av rullator. Sandra føreslår heller stødigare sko med feste rundt heile foten. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Bjørg sjølv, Vilde Heggøy, tykte det var både gøy å lærerikt å vere pasient.

– Det er veldig greitt å prøve den andre sida, å vere den som treng hjelp. Eg trur det var minst like lærerikt som rollene som helsefagarbeidarar, fortel Vilde.

Kjekt å endeleg kunne møtast igjen

Frå vertsskulen Sogndal vgs. deltok elevane Nora Hov og Signe Bødal Nøtesjø i konkurransen, saman med den fargerike pasienten Maja Nygård Rømma. Helsefagarbeidarane slo til og med til med ein sang saman med pasienten som eit tiltak for helsefremjande aktivitet og trivsel. Dei enda til slutt på andreplass i den jamne konkurransen.

foto frå fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfag i Sogndal 15. februar 2022
OPPTRENING: Dei to helsefagarbeidarane frå Sogndal vgs. hjelpte Bjørg opp frå middagskvilen og gjennom kveldsmaten, som del av opptreninga hennar på rehabiliteringsposten på sjukeheimen. (Foto: Mona Øvereng Ylvisåker/Vestland fylkeskommune)

Alle helsefagarbeidarelevane ved skulen og også elevar på kokk og servitør deltok som arrangørar under fylkesmeisterskapen. Dei bidrog med kulturelle innslag, var vertar for tilreisande, pynta lokala og laga pizza til alle som deltok.

– Eg er utruleg stolt av alle ungdommane og personalet som bidrog til å lage til ein slik flott dag. Endeleg kunne vi møtast! Endeleg kunne vi invitere elevar frå andre skular, møtast og ha søkjelys på faget vårt og ikkje lenger tenke så mykje på koronaavstand. Helse-Noreg kan glede seg til disse er ferdigutdanna, seier Mona Øvereng Ylvisåker, som er avdelingsleiar ved Sogndal vgs.

foto frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vgs 15. februar 2022
LUNSJ: Elevar som går kokk og servitør ved Sogndal vgs. deltok også i fylkesmeisterskapen, men som arrangørar. Dei serverte pizza til deltakarar og publikum, blant andre rektor Jorunn Felde, til lunsj. (Foto: Mona Øvereng Ylvisåker/Vestland fylkeskommune)

Jamn konkurranse

Laga vart vurderte av dommarar, som følgde dei 20 minutt lange konkurransane frå sidelinja. Dei vurderte blant anna planlegging, evne til refleksjon, samarbeid og sjukepleietiltak og fekk ein vanskeleg jobb, då det var jamt mellom laga.

foto frå premieutdelinga under fylkesmeisterskap i yrkesfag ved Sogndal vgs i februar 2022
PREMIEUTDELING: Det var god stemning på premieutdelinga på slutten av ein lang konkurransedag. Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes, deltok også på både på utdelinga og som publikum på konkurransane. (Foto: Anne Marte Snøtun/Vestland fylkeskommune)

Til slutt var det deltakarane frå Måløy vgs. som stakk av med sigeren. Dermed går Marit Rønnekleiv og Sunniva Kiviranta vidare til Skule-NM i Mandal 27. og 28. april. Emma Kristin Berge gjorde ein god figur som Bjørg frå Måløy, men i NM møter helsefagarbeidarane ein pasient frå arrangøren.

– Det å vere med på fylkesmeisterskapet var kjempespanande, men vi kan ikkje unngå å nemne at vi grua oss før vi skulle framføre, og like før dei kåra vinnarane var nervane i full sving hos alle. Å konkurrere mot dei andre laga var spanande. Vi var audmjuke, og tok ikkje sigeren forgitt fordi alle laga var dyktige. Difor var det ekstra nervepirrande å vente på resultatet. Dommarane trong faktisk ekstra tid for å finne ut resultatet, noko som viser til at alle laga var gode. Det blir ei stor ære å representere Vestland fylke i NM i april, seier elevane.

foto frå fylkesmeisterskap i helsefagarbeidarfaget ved Sogndal vgs i 2022
VIDARE TIL NM: Marit Rønnekleiv og Sunniva Kiviranta frå Måløy vgs. går vidare til Skule-NM i Mandal i april etter ein hard og jamn konkurranse med dei tre andre laga. (Foto: Ingunn Djønne/Vestland fylkeskommune)

Engasjerande og motiverande

Faglærarane Elvida Grabus og Ida Gangeskar er stolte av elevane sine og ser fram til vidare arbeid fram mot NM.

– Det å ha elevar som yter det maksimale i ein konkurranse og vinn fylkesmeisterskapen i Vestland er ei stor ære. Det var eit høgt fagleg nivå i konkurransen. For oss lærarar vært det tydeleg at elevane har arbeida målretta med fagleg innhald frå start. Det er utruleg kjekt og inspirerande å vere med på skulekonkurransar. Både for oss som lærarar og for elevane er det engasjerande, motiverande og oppløftande. No er det berre å brette opp ermane og gjere seg klare for NM, seier dei.

Konstituert rektor ved Måløy vgs., Hallgeir Hansen, sender gratulasjonar og lukkeønskingar til elevane som skal til Skule-NM.

– Gratulerer med strålande resultat i fylkesmeisterskapet. Det gode resultatet kjem av stor innsats og godt lagarbeid frå både elevar og lærar. Eg vil eg ønskje alle lukke til i den nasjonale konkurransen, seier Hansen.

Går vidare til NM

Yrkesfagelevar frå vidaregåande skular i heile Vestland har denne veka konkurrert i år i 19 ulike lærefag på 8 vidaregåande skular.

Deltakarane får praktiske og realistiske oppgåver dei skal gjennomføre, og dei vert vurderte av dommarar med erfaring i faget. I årets fylkeskonkurransar har fylkeskommunen teke utgangspunkt i oppgåvene fylkesvinnarane vil møte i NM og nyttar desse oppgåvene med tilpassingar på fylkeskonkurransane.

Fylkesvinnarane går vidare til Skule-NM i regi av WorldSkills Norway. Sjå worldskills.no for meir informasjon.