Helse- og oppvekstfag får kompetanseheving

– Vi treng kompetanseheving. Det er rivande utvikling, og vi må oppdatere oss heile tida, seier Kristine Moldskred i kompetansenettverket for helse- og oppvekstfag i Vestland fylkeskommune.

To damer sit ved eit bord og skal lære seg teikn til tale. Foto.
NY LÆRING: Lærarar på helse- og oppvekstfag får innføring i «teikn til tale» som skal hjelpe barn og unge med talevanskar å lære språk. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Om lag 30 vidaregåande skular i Vestland har helse- og oppvekstfag. Kompetansenettverket hadde samling denne veka på Amalie Skram videregående skole. Mange lærarar på samlinga, men ein del deltok og via nett-TV.

– Kompetansenettverket vårt er for alle lærarane innan helse- og oppvekstfag. Dette er ein ny modell for skulane å samarbeide på for å oppdatere seg fagleg.  Alle fag har slikt nettverk, og dette er første samling for oss. Vi har fått fagfornying i faget og målet med samlinga er kompetanseheving,  utveksle erfaring og utvikle faget vidare. Utviklinga i faget skjer fort, og vi har stadig behov for å oppdatere oss, seier Kristine Moldskred som er lærar ved Knarvik vidaregåande skule.

Oppstilt bilete av ungdommar. Foto.
Den første samlinga i kompetansenettverket for helse og oppvekstfag i Vestland fann stad på Amalie Skram videregående skole. Heilt t.h: Lærarane Marianne Langeland, Olsvikåsen vgs og Kristine Moldskred, Knarvik vgs. Heilt t.v. lærar Øyvind Helle Bolstad med elevar på sal og reiseliv som var vertskap og hadde lagt til rette for samlinga. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ønske frå lærarane

På planleggingsdagen i november i fjor vart lærarane spurde om kva tema dei ville ha på denne nettverksdagen, og ønske frå lærarane har danna grunnlag for programmet.

Moldskred peikar på at spesielt innan velferdsteknologi har det vore behov for fagleg oppdatering.

– Det er ei utfordring at det skjer ei rivande utvikling i velferdsteknologi. Dette går på å gjere kvardagen betre, lettare og enklare for brukarane. Dette kan vere eldre, barn, unge, vaksne, funksjonshemma, etc. som treng hjelp i kvardagen.  Målet er at dei skal kunne bu heime og få hjelp der. Men velferdsteknologi skal også gi avlasting for personell og gjere arbeidsdagen lettare for dei, seier Moldskred.

To damer gjer teikn til tale. Foto.
Teikn til tale er eit nytt verktøy som skal hjelpe barn og unge å snakke. Rundt bordet: Lisbeth Bergby, Olsvikåsen vgs (f.v.), Helene Tendeland, Årstad vgs, Kristine Moldskred, Knarvik vgs (ståande) og Hildegunn Stoknes Bukkøy, Bømlo vgs. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Nytt hjelpemiddel for talespråk

For barn og unge som har vanskar med å utvikle talespråk, er det kome nye hjelpemiddel som deltakarane i nettverket fekk prøve.

– Det nye er det vi kallar «teikn til tale». Vi skal lære å bruke teikn som støttande kommunikasjon i å utvikle talespråk. Barn og unge oppfattar desse teikna, og det hjelper dei å lære å snakke. Dette er ikkje teiknspråk, men det er litt beslekta. Elevane våre skal lære å bruke slike teikn for å understreke snakkinga, slik at dei kan praktisere dette når dei går ut i jobb og praktiserer med barn og unge.

Yrkesfagleg fordjuping

Eit anna tema på samlinga er faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Lærarar ved Mo og Øyrane, Sotra og Bømlo vidaregåande skular hadde innlegg om korleis dei praktiserer dette.

– Vi ønskjer ei erfaringsutveksling for korleis yrkesfagleg fordjuping blir praktisert på skulane. Først hadde vi innlegg frå dei tre skulane og deretter debatt. Yrkesfagleg fordjuping er eit fag eleven får karakter i. Det er når eleven er ute i praksis i bedrift og får prøvd faget sitt. Dette skal gjere eleven tryggare på framtidig yrkesval, eleven skal prøve teori i praksis og få kjenne på yrkeslivet.

Yrkesfagleg fordjuping blir ulikt bruk på skulane

– Vi er interessert i å høyre korleis skulane praktiserer yrkesfagleg fordjuping. Dette går på kor mykje vi skal forvente at eleven skal gjere, kor mykje skriftleg arbeid eleven skal ha, korleis vi skal vurdere og gje karakter og korleis skaffe praksisplassar. Dette blir gjort forskjellig rundt om på skulane. Vi vil difor høyre kva som blir gjort og diskutere korleis vi kan gjere dette på ein god måte. Målet er å samkøyre faget, seier Moldskred.

Blant dei store

Helse- og oppvekstfag er blant dei største yrkesfaga i Vestland. For eit år sidan var dette det største faget med 1090 primærsøkjarar til vg1. I år har teknikk og industrifag gått forbi og er størst med 1138 søkjarar, mens helse- og oppvekstfag er på 2. plass med 1071 primærsøkjarar.

– Søkjartala er relativt stabile, men vi har eit problem med at for få går ut i lære. På andre yrkesfag som bygg, elektro, og teknologi og industrifag har elevane som mål å gå ut i lære og få jobb, men på helse- og oppvekstfag har mange mål om å ta påbygg og studere vidare innan sjukepleiar, lærar eller barnehagelærar, etc. Men behovet for fagarbeidarar innan helse- og oppvekstfag er stort, og vi har for få lærlingar, seier Moldskred.

Talerøyr

Kompetansenettverket for helse- og oppvekst vart starta i fjor haust. Dei fire som står bak det er Kristine Moldskred, Knarvik vidaregåande skule, Marianne Langeland, Olsvikåsen videregående skole, Liv Elisabeth Rygg, Stryn vidaregåande skule og Hildegunn Stoknes Bukkøy, Bømlo vidaregåande skule.

– Vi skal vere talerøyr mellom skulane og fylkesadministrasjonen. Vi har kontaktperson på alle skular som kan melde inn saker til oss og kome med tilbakemeldingar. Mellom anna har vi fått nye eksamensføreskrifter, seier Moldskred.

Fekk ny kompetanse

Kristine Moldskred meiner samlinga var viktig for å få ny kompetanse i faget.

– Eg har lært mykje her og tatt med meg nye verktøy som eg kan ta med inn i klasserommet, spesielt teikn til tale. Neste samling blir på planleggingsdagen 4. november, seier Moldskred.

Elevar ved Amalie Skram videregående skole bidrog i gjennomføringa av samlinga. Elevar på sal og reiseliv var vertskap og la til rette for samlinga, mens elevar på media sytte for at lærarar som ikkje var til stades, kunne følgje samlinga via nett-tv.

Vertskap

Lærar Øyvind Helle Bolstad er lærar på sal og reiseliv.

– Elevane våre har planlagt for samlinga, er vertskap, har tatt imot og vist rundt. Dette er ein del av deira læreplan. Dei får vist i praksis det dei lærer, og dei blir vurdert for det dei gjer. Elevane får karakter, ei evaluering og praktisk vurdering. Dei har god måloppnåing og alle saman ligg an til å få meget godt. Dette er veldig kjekt, seier lærar Øyvind Helle Bolstad.

To sølv i yrkes-NM

I yrkes-NM i Mandal gjorde elevar innan helse- og oppvekstfag i Vestland det svært godt.

– Elevar frå Måløy vidaregåande skule tok sølv i helsefagarbeidarfaget og elevar frå Knarvik vidaregåande skule tok sølv i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Dei var alle kjempegode, og vi er stolte, seier Kristine Moldskred

Helse- og oppvekstfag omfattar barne og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar, helseservice, apotekteknikar, ortopediteknikar, ambulansefaget og tannhelsesekretær.