Godt inntrykk av drosjenæringa i Vestland
Vestland fylkeskommune har saman med Justervesenet, Statens vegvesen og politiet gjennomført ein stor køyretøyaksjon frå tysdag 8. november til torsdag 10. november. Resultatet viser at dei fleste følgjer reglane og er positive til kontrollar.

– Fylkeskommunen er løyvestyresmakt og har ansvaret for drosjeløyve, men det er mange offentlige aktørar som har kontrollmynde på drosjeområdet. Ved å samarbeide på tvers av etatar sikrar vi at alt ved drosjen blir kontrollert på same tid. Det sparar tid og ressursar, både for det offentlege og for drosjesjåføren. For å sikre at næringa etterlever regelverket, vil fylkeskommunen vere pådrivar for fleire slike aksjonar, seier Nils Tore Eldegard, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.
Kontrollerte rekordmange
Resultatet av mange kontrollerte køyretøy viste at dei fleste hadde dokument og taksameter i orden.
Frå Justervesenet si side blei det kontrollert omtrent 250 drosjer i løpet av dei tre dagane aksjonen gjekk føre seg i område i og rundt Bergen, Lærdal, Sogndal og på Osterøy.
– Dette er kanskje høgaste tal kontrollerte bilar i ein storaksjon, seier Håkon Skjolden, fagansvarleg for drosjenæring i Justervesenet.
Justervesenet kontrollerer at taksametera er lovlege å bruke. Dei fann berre regelbrot på ni taksameter, der to blei stoppa fordi dei ikkje var registrerte hos Justervesenet og difor var ulovlege.
Avdekte 61 avvik
Statens vegvesen kontrollerte 140 drosjer i same område. Det ble avdekt 61 avvik som manglande løyve, merking av køyretøyet, manglande registrering i køyretøyregisteret, og nokre gebyr for slitte dekk, manglande førarrett og vognkort.
Av dei som blei stoppa blei det lagt ned bruksforbod på ni av drosjene for å ikkje ha med løyve og for utgått køyresetel.
– Statens vegvesen vil halde fram med slike kontrollar for å ta vare på trafikksikkerheita og konkurransevilkåra i bransjen. Dei fleste sjåførane vi kontrollerte var positive til at det blir gjennomført kontrollar av drosjenæringa, seier Jan Rune Presttun i Statens vegvesen.
Ein teken med promille
Politiet kontrollerer som Statens vegvesen blant anna køyreseddel og dokument, men særleg førarkort- og ruskontroll. Denne gongen blei ein tungtransportsjåfør teken med promille.
– Det viser at det er nødvendig at vi deltek i slike aksjonar, seier Magne Straumstein, politistasjonssjef i Sogn.
Drosjenæring i utvikling
Det er Vestland fylkeskommune som deler ut løyve med rett til å drive drosjeverksemd i det kontrollerte området. Frå 1. november 2020 er det ikkje lenger makstal på løyve i fylket, og etter frisleppet har løyvetalet auka frå 1101 til 1740. Det er viktig å ha tilsyn for å sikre at stadig fleire løyve blir kontrollerte, i tillegg til å sørgje for god informasjon om regelverk og lovverk.
Fylkeskommunen kan kalle tilbake drosjeløyve ved brot på yrkestransportlova, og under aksjonen sjekka dei blant anna at løyvedokumentet er originalt, og at bilen er merka med løyvenummer.