Gode resultat i Skule-NM og NM for ungdomsbedrifter

– Det er stor breidde og kvalitet i ungdomsbedriftene i Vestland, seier avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal. 10 ungdomsbedrifter i Vestland deltok i NM. I Skule-NM gjorde også fleire elevar frå Vestland det godt.

Ungdom viser fram premie. Foto.
SØLV: Barnas Mål UB ved Odda vidaregåande skule gjorde det best av elevane i Vestland i NM for ungdomsbedrifter med sølv. Foto: Ungt entreprenørskap

10 ungdomsbedrifter i Vestland gjekk vidare til NM der totalt 82 ungdomsbedrifter frå heile landet var med.

Tre ungdom viser fram bok. Foto.
Tre av elevane i Barnas Mål UB med boka dei lagde om Havets helter: Emilie Svensson Srow (f.v.), Mia Nes og Eline Lillestraum. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Beste samarbeid

Barnas Mål UB frå Odda vgs tok sølv i NM for ungdomsbedrifter i klassen beste samarbeid med næringslivet med NHO. Dei har skrive og produsert boka Havets helter, som er eit eventyr for barn.

– Målet med boka er å gjere barn i ung alder bevisst på korleis vi menneske ureinar havet. Vi vil informere barn om berekraftsmåla og lære dei om miljøproblema på ein gøy måte. Boka handlar om to fiskar og ei havfrue som oppsøker menneske for å lære dei kva som skjer i havet når vi kastar boss, seier tre av elevane i Barnas Mål UB, Emilie Svensson Srow, Mia Nes og Eline Lillestraum.

Oppstilt bilete av ungdom som har fått pris. Foto.
Kvalmaten UB ved Fitjar vidaregåande skule fekk bronse i NM for ungdomsbedrifter. Foto: Ungt entreprenørskap

Globalt problem

Juryen i noregsmeisterskapen uttalar om Barnas Mål UB at «Med fokus på bærekraft og en ung målgruppe har denne bedriften imponert juryen. Produktet er i seg selv høyst relevant og aktuelt. Et godt fokus på riktige samarbeidspartnere og mentorer har bidratt til å drive både produktet og bedriften fremover. Det synes at bedriften har arbeidet med lokale krefter for å håndtere et globalt problem».

Utdeling av pris. Foto.
Kvalmaten UB ved Fitjar vidaregåande skule blir oppropt som bronsevinnarar i NM og entrar scena.Foto: Ungt entreprenørskap

Satsar på etisk og berekraftig mat

Kvalmaten UB ved Fitjar vidaregåande skule tok bronse i NM for ungdomsbedrifter i klassen jord-fjord-bord-klassen.

– Vi steikar og sel burgarar av kvalkjøt lokalt i Fitjar. Målet er å bringe gamle smakar tilbake med ein moderne vri. Kvalkjøt i dag er både etisk og berekraftig, seier Azeb Kidana, Markus Maraas, Kristine Nilsen og Iver Simonsen i Kvalmaten UB.

Juryens seier dette: «3. plass går til en gruppe elever som har blåst liv i gamle tradisjoner med et nytt og spennende produkt. Gruppen har et tydelig bærekraftfokus, og har laget et velsmakende produkt basert på en ressurs som i dag ikke blir utnyttet til sitt fulle potensiale. Bedriften består av dyktige elever som har tilegnet seg stor fagkompetanse og som er opptatt av hygiene og sikkerhet både for seg selv og kunden. Juryen gir dem et pluss for å ha stort fokus på HMS».

Bakar som penslar eit brett med bollar. Foto.
Andrine Hartveit Lia ved Sandsli videregående skole tok gull i klassen bakar. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Til topps i bakarfaget

I Skule-NM gjekk Andrine Hartveit Lia ved Sandsli videregående skole heilt til topps og tok gull i klassen bakar. Konkurransane i Skule-NM var desentralisert og denne gjekk i Tønsberg.

– Dette er første gongen eg er med i ein slik konkurranse. Det er spennande. Eg håpte det gjekk bra. Vi har ein god skule på Sandsli, og eg synest det er bra å gå der, seier Andrine Hartveit Lia som lagde mange typar brød og bollar som fall i god smak.

Hjerteforma marsipankake pynta og med tekst. Foto.
Denne kaka som Ngoc Bao Han Tran ved Sandsli videregående skole bakte i konditorklassen tok sølv. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sølv-kake

Sandsli videregående skole tok også sølv i Skule-NM. Det var Ngoc Bao Han Tran i klassen konditor.

– Kaka er ein hyllest til bergensbunaden. Eg kjenner meg heime i Bergen. Men det er mykje putlearbeid å lage ein slik kake. Eg har brukt nesten fire timar på å lage den. Det er mange detaljar som må på plass, seier ho.

Smilande gut med tommel opp. Foto.
Per Hauge, Sogndal vidaregåande skule, tok gull i betongklassen. Foto: Skule-NM

Andre resultat frå Skule-NM

Per Hauge, Sogndal vgs, tok gull i betongklassen. I murarklassen fekk Shafiqullah Ahmadyar, Åsane vgs, sølv, og i smedklassen kom alle elevane frå landslinja ved Odda vidaregåande skule. Der fordelte gull, sølv og bronse seg slik: 1. Sondre Cristian Herschberg (18 år), 2. Øystein Parelius Hatle (18 år) og 3. Sebastian Jagminas (19 år).

Skulen har fem elevar på vg2 og seks elevar på vg3. Det var vg3-elevane som deltok i NM.

Elevar i smie på smedlinje.
Desse elevane ved Odda vidaregåande skule tok gull, sølv og bronse i Skule-NM i smedfaget: Sondre Cristian Herschberg, Øystein Parelius Hatle og Sebastian Jagminas. Foto: Skule-NM
Elevar i smie på smedlinje.
NM i smedfaget vart arrangert i Odda. Foto: Skule-NM