Fylkestinget vil ha nasjonalt senter for yrkesfag til Vestland

– Vestland er eit av dei største lærlingfylka, og no vil vi ta ein nasjonal posisjon for å sikre framtida til yrkesfaga og fagarbeidaren, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av to jenter i tømrarverkstad på vidaregåande skule
YRKESFAG: Fylkespolitikarane vedtok i fylkestingsmøtet i Rosendal 21. og 22. juni at dei ønskjer nasjonalt senter for yrkesfag lagt til Vestland. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Utviklingsplanen for Vestland slår fast at fylket skal vere ein nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg. Fylkesordføraren er difor svært nøgd med at eit samla fylkesting stilte seg bak vedtaket om å jobbe for å få eit nasjonalt senter for yrkesfag til fylket.

– Vi kjem til å trenge både arbeidskraft og fagarbeidarar i åra som kjem. Noko av det viktigaste er å samarbeide med næringslivet sjølv og sjå samanhengane mellom utdanning og behova i næringslivet. Vi må unngå å hamne i ein situasjon der vi har mange utan læreplass i enkelte fag, medan andre næringar skrik etter arbeidskraft og lærlingar, seier Askeland.

Flest søkte yrkesfag

Vedtaket i fylkestinget 22. juni starta med ein interpellasjon frå Karianne Torvanger (Ap). Utgangspunktet var at regjeringa i Hurdalsplattforma har sagt at dei vil etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag. Ein samrøystes fylkesting ber no om at dette blir lagt til Vestland. 

– Eit fleirtal av dei som søkte vidaregåande opplæring i Vestland i år, hadde yrkesfag som førsteval. Vi er eit av dei største lærlingfylka, og vi har god gjennomføring og gode resultat. Difor meiner vi det er naturleg å få eit nasjonalt senter for yrkesfag til fylket vårt, seier fylkesordførar Jon Askeland, som framover vil arbeide for å realisere dette.

Styrke kvalitet og utvikling

Føremålet med eit slikt nasjonalt senter skal vere å styrke arbeidet med kvalitet og utvikling i fag- og yrkesopplæringa. I tillegg er det eit mål at fleire ungdommar og vaksne skal velje yrkesfag, for å dekke behovet arbeids- og næringslivet har for arbeidskraft.

Interpellasjonen frå Karianne Torvanger kan du lese her.