Frå krigen i Ukraina til skule i Vestland

– Eg saknar heimen, byen og vennene mine, seier Oleksandra Pozdnikhotenko (17). Ho er flyktning frå Kyiv i Ukraina, busett med mor, far og bror i Bergen og har starta utdanning på Tertnes vidaregåande skule.

Ungdommar i gymtime. Står i ring og held eit stort fargerikt flagg. Foto.
FLYKTNINGAR: 40 flyktningar frå Ukraina får undervising på Tertnes vidaregåande skule. Her frå time i kroppsøving. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Rundt 40 ungdommar frå Ukraina får no vidaregåande opplæring på Tertnes vgs. Dette er den første vidaregåande skulen i Vestland som har teke mot flyktningar frå Ukraina.

– Dei første norske orda vi lærte var fargane og tala. På skulen har vi fått god kontakt med norske elevar. Vi prøver å snakke norsk med dei, men det er vanskeleg, så det går på engelsk. Her er vi godt mottekne og føler oss velkomne, seier Oleksandra Pozdnikhotenko. Ho og familien kom til Noreg 9. mars, først til Oslo, men reiste vidare til Bergen.

To umgdomar sit på huk og ser alvorleg inn i kamera, dei held i eit fargerikt flagg. Foto.
– Det har vore ei ny oppleving å gå på vidaregåande skule i Noreg. Vi er godt mottekne, seier Nazar Dobrianskyi frå Uman og Oleksandra Pozdnikhotenko frå Kyiv. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sende sonen til Noreg

Nazar Dobrianskyi (17) reiste utan foreldre til Noreg.

– Eg kom hit med ein venn og mora hans. Foreldra mine gjorde eit val. Dei sende meg ut av Ukraina. Dei meinte det var betre at eg reiste utanlands for då ville dei ikkje vere redde for meg lenger. Foreldra mine valde å vere i Ukraina. Dei er legar og har meir enn nok å gjere på, seier Nazar Dobrianskyi som er frå Uman, ein by som ligg om lag midt i landet, mellom Kyiv og Odesa.

Dei to ungdommane starta utdanninga på Tertnes vidaregåande skule måndag 28. mars i ein klasse med 32 elevar. Dei snakkar godt engelsk.

– Vi vil lære norsk og lære Noreg og Bergen å kjenne. Det er interessant å oppdage eit nytt land, ny kultur og ny mat. Fredag var vi på byvandring i Bergen. Det er ein flott og historisk by med vakre hus. På skulen har vi vore ei veke no. Det har vore ei ny oppleving for oss. Vi lærer via engelsk, seier dei.

Ungdommar i gymtime, står i ring og held eit stort fargerikt flagg. Foto.
Ungdommane frå Ukraina får undervising i kroppsøving på Tertnes vidaregåande skule. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ærefullt oppdrag

I tillegg til undervising på Tertnes vgs får Nazar Dobrianskyi framleis undervising frå heimlandet.

– Eg følgjer nettundervising i klassen min i Uman. Dagleg får eg lekser av læraren min som eg skal levere inn, men eg saknar foreldre og venner. No snakkast vi på telefon og nett, seier Nazar Dobrianskyi.

Rektor Line Skage har tatt i mot dei nye elevane med opne armar.

– For oss var dette eit ærefullt oppdrag. Det var viktig å kome raskt i gang med opplæringa. Vi gjev dei undervising med godt innhald. Det er veldig greie elevar som er blitt godt integrert. Elevrådet har hjelpt godt til med aktivitetar og omvising, og mange av elevane stiller opp som fadder, seier rektor Skage.

Den første veka starta undervisinga med eit introduksjonskurs. Dei får undervising i norsk, samfunnsfag, kroppsøving og engelsk, og etter kvart realfag. Elevsamtalar er gjennomført for å tilpasse tilbodet dei får.

Oppstilt bilete av to unge kvinner. Foto.
– Vi tenker ikkje på dei som flyktningar. Dei er ungdommar akkurat som oss, seier Synne Øverland (t.v.) og Hanna Lunde, som er blitt godt kjende med dei nye elevane. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

– Alle vil hjelpe

To av elevane, som har tatt godt i mot dei nye vennene frå Ukraina, er Synne Øverland og Hanna Lunde.

– Elevane vart skjerma i ein eigen klasse då dei kom hit, men vi har fått ha kontakt, snakkar med dei og har lært dei litt norsk. Det har vore ei kjekk oppleving. Det er fint at vi har fått sjansen til å møte ungdommar som har hatt det veldig kjipt. Vi tenker ikkje på dei som flyktningar, men som elevar som oss. Alle vil hjelpe, og alle vil gjere det vi kan. Dei er ungdommar akkurat som oss. Dei er ikkje annleis, seier Synne Øverland og Hanna Lunde.

Nye elevar sit ved eit bord i klasserommet, på tavla bak dei står det Velkommen. To frå elevrådet står bak dei nye elevane. Foto.
– Elevane skal ha trygge personar rundt seg, seier fadder Anastasia Nygård og Mathilde Børhaug i elevrådet (t.h.). Nastya Makarenko (f.v.), Sophiia Pria Morokova og Timur Blochovtjov er nye elevar på Tertnes vidaregåande skule. Anne Berit Roksvåg (bak, t.v.) er avdelingsleiar for elevtenesta, og Mariell Langhelle er kontaktlærer for klassen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Bli kjent på tvers av klassane

Anne Berit Roksvåg er avdelingsleiar for elevtenesta og koordinerer det sosiale opplegget.

– Elevrådet spelar ei sentral rolle. Dei har vore med frå dag éin då vi visste at elevane ville komme. Dei reiste på hyttetur for å planlegge mottakinga. Det har vore kjempeviktig. Vi har 100 elevar som har meldt seg som fadder. Dei er delt inn i faddergrupper som organiserer ulike aktivitetar. Vi har hatt norsk kafé, arrangert sjakk, teikning, fotball og volleyball. Målet er at elevane skal bli kjent på tvers av klassane. Men vi har òg vore tydlege på at vi skal gå varsamt fram. Dette er ungdom som har ein ganske tøff reise, seier avdelingsleiar Anne Berit Roksvåg.

Eit a4 ark som er teikna eit blått og gult hjerte på er hengt opp på ei betongsøyle. Foto.
Elevrådet ved Tertnes vidaregåande skule arrangerer sosiale aktivitetar for dei nye elevane. På ein av dei teikna dei hjarte i dei ukrainske fargane. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Tar godt vare på elevane

Oppdraget elevrådet har fått er å ta godt vare på elevane. Anastasia Nygård er fadder og Mathilde Børhaug er med i elevrådet. Dei møtte dei fem nye elevane som byrja på skulen måndag 4. april.

– Vi er her for at dei skal ha nokon å bli kjende med. Dei treng å ha trygge personar på skulen. Vi vil bli kjende med elevane, seier Nygård og Børhaug. Denne første dagen for dei nye elevane orienterte elevrådet om skulen slik elevane ser den. Etterpå fekk dei omvising.

Elevrådet og fadrane planlegg nye sosiale aktivtetar for elevane i tida framover.