Første elflyrute i Noreg kan kome mellom Bergen og Førde
– Vi ber staten ta ei tydeleg pådrivarrolle for å utvikle elfly, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har vedteke å innleie samarbeid om å etablere ei pilotrute med elfly mellom Bergen og Førde.
Vestland fylkeskommune skal samarbeide med Sunnfjord utvikling og Sunnfjord kommune om denne ruta som kan bli den første kommersielle elflyruta i Noreg.
– Vi har mål om netto nullutslepp i fylket innan 2030. For å få det til må klimagassutsleppa frå flytrafikken kraftig ned. Vestland høver godt for eit slikt prosjekt, fordi vi har kort avstand mellom flyplassane og god erfaring med elektrifisering, Fylkeskommunen har sjølv ikkje ansvar for flyrutene, dette ligg til staten, men vi er pådrivar i teknologiskiftet, seier fylkesordføraren, som også rosar miljøet i Sunnfjord i saka.
Statleg subsidiering
I dag er det ikkje kommersiell flyrute mellom Bergen og Førde. I vedtaket ber fylkesutvalet om at Regjeringa reetablerer denne flyruta som såkalla FOT-rute, det vil seie at staten skal subsidiere, og ha ansvaret for den. Fylkesutvalet ber også om at det blir stilt krav om nullutsleppsdrift og at Regjeringa innfører insentivordningar som gjev nullutsleppsfly ein fordel framfor fossildrivne fly.
– Vi ser på elektrisk luftfart som framtidsretta. Støynivået blir lågare, og vi får lågare klimafotavtrykk og lågare driftskostnader. Vi har vore i god dialog med Sunnfjord utvikling og Sunnfjord kommune. Strekninga Førde – Bergen er eit godt utviklingsprosjekt, både innan distanse, tilrettelagt infrastruktur og tilgang på energi, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Elfly for 19 passasjerar
Vestland fylkeskommune har gjennomført eit forprosjekt for elfly. I den konkluderer Transportøkonomisk institutt (TØI) med at Noreg er ideell for elfly, mellom anna fordi vi har mange lufthamner i høve folketalet og dei fleste har kort avstand til kvarandre.
Med batteriteknologien i dag er det mogeleg å bygge eit fly for opptil 19 passasjerar som kan fly 350 – 400 kilometer. Det er tilstrekkeleg til å trafikkere alle kortbaneflyplassane i Vestland.
Dialog med Regjeringa
Etter vedtaket i fylkesutvalet skal fylkeskommunen gå i dialog med Regjeringa for å innføre insentivordningar som vil gjere kommersiell drift av elfly mogleg.