Fjordferja MF Hardingen sr. er mellombels freda

Vestland fylkeskommune har mellombels freda MF Hardingen sr., og med det sikrar vi eit sentralt kulturminne frå ferjeflåten.

Foto av veteranbåten MF Hardingen sr.
FJORDFERJE: MF Hardingen sr. gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap frå ho vart bygt i 1966 og fram til 1991. Her er ferja til kai i Bergen. (Foto: Harald Sætre)

Ferja er eit av dei mest særmerkte historiske fartøya våre og markerer høgdepunktet i utviklinga av fjordferjer med overbygningsdekk, dei såkalla turistferjene.

– MF Hardingen sr. er eit verna fartøy av nasjonal verdi. Ferja har status som verna skip og har motteke offentlege tilskot til antikvariske tiltak. Det er også knytt stor offentleg interesse til dette verneprosjektet, ikkje minst i det historiske heimeområdet til ferja, seier seksjonssjef David Aasen Sandved.

Bakgrunnen for fredinga er at fartøyet står i fare for å bli ført ut av landet eller verte destruert. Fylkeskommunen finn det difor naudsynt å frede ferja mellombels, slik at vi kan få vurdert om Hardingen sr. skal fredast permanent av Riksantikvaren.

Fekk internasjonal merksemd

M/F Hardingen sr. vart levert frå Ankerløkken Verft i Florø til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i 1966. Ferja var blant dei siste turistferjene som vart bygde. Hardingen sr. markerte høgdepunktet på ei utvikling som starta med M/F Folgefonn i 1938. I samtida vart skipet lagd merke til internasjonalt og fekk fyldig omtale i magasinet The Motor Ship i mars 1967.

Hardingen sr. er ei av dei siste ferjene som vart bygde medan reiarlaga sjølve fekk utforme ferjene etter lokale behov. Etter 1968 måtte alle nye ferjer prosjekterast i samsvar med retningsliner og standardteikningar frå Vegdirektoratet.

Foto av veteranbåten MF Hardingen sr.
SOMMARRUTE: MF Hardingen sr. gjekk ein periode på 2000-talet som turistrute mellom Kaupanger og Gudvangen i Sognefjorden. (Foto: Harald Sætre)

Skip og historie godt bevart

Både sjølve skipet og dokumentasjonen av Hardingen sr. si tekniske historie er bevart og svært godt intakt. Ferja var ute av landet i ein periode då ferjeflåten vart modernisert, noko som har bidrege til at ho er uvanleg lite endra.

Grunnlaget for eit fagleg godt vern er difor til stades, og Vestland fylkeskommune har vurdert at Hardingen sr. har nasjonal kulturminneverdi.

Første fartøy freda av fylkeskommune

Innreiinga i ferja og maskineriet frå Wichmann Motorfabrikk i Bømlo er originalt frå 1966. Hardingen sr. vart lite endra i tida ho var eigd av HSD, og nokre endringar utførte i tida etter at HSD selde fartøyet, vart reverserte i samband med restaurering og vernestatus i 2016. Alle byggjeteikningar og brevarkiv knytt til teknisk historie er bevarte hjå Statsarkivet.

MF Hardingen sr. er det første fartøyet som vert mellombels freda av ein fylkeskommune. Dette ansvaret vart overført frå staten til regionane i samband med oppgåveoverføringa i 2020. Det er framleis Riksantikvaren som gjer endeleg vedtak om freding.