Fire millionar kroner til kultur for eldre

– Vi skal legge til rette for at eldre i Vestland skal få oppleve profesjonell kunst og kultur, seier utvalsleiar Stian Davies etter at hovudutval for kultur, idrett og inkludering har vedteke å løyve i underkant av fire millionar kroner til den kulturelle spaserstokken.

Spaserstokk
KULTURELL SPASERSTOKK: Den kulturelle spaserstokken skal bidra med kunst og kultur til eldre. Illustrasjon: Shutterstock

– Målet er å bidra til kunst- og kulturformidling for eldre i eit samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren i kommunane. Slik kan gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk, seier Davies.

Kulturtilbod av høg kvalitet

Sidan 2014 har fylkeskommunen kvart år tildelt pengar til den kulturelle spaserstokken.

– Spaserstokken skal legge til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Alle kommunar kan søkje og vel sjølv korleis dei vil organisere tilbodet. Men det er eit krav at pengane skal nyttast til kulturtilbod av høg kvalitet og vere tilgjengeleg på arenaer der eldre har sitt daglege liv, seier utvalsleiar Stian Davies.

Tildeling til 38 kommunar

Hovudutvalet fordelar pengane på 38 av dei 43 kommunane i fylket. Fem kommunar søkte ikkje om pengar. Alle kommunar som søkte, får tildeling. Slik blir pengane fordelt:

Søkn.nr.

Søkjar

Prosjektnamn

Tildelt

1

Alver kommune

Den kulturelle spaserstokken i Alver
kommune.

184 066

2

Askvoll kommune

Kombi, Digi, Tradisjonsmix.

50 000

3

Askøy kommune

Konserter, sangstunder, allsang, foredrag og
opplesing.

136 765

4

Aurland kommune

Skattekista, musikkstova og eldredagen.

54 262

5

Austevoll kommune

Felles seniortur med buss til teaterforestilling, konserter på PO-senteret.

50 000

6

Austrheim kommune

Kultur og kunst til eldre - Kultur i heimen - Kultur og trivsel - Kultur til alle.

41 903

7

Bergen kommune

Bergens kulturelle spaserstokk

1 191 425

8

Bjørnafjorden kommune

Kunst- og kulturoppleving for eldre.

159 660

9

Bremanger kommune

Konsertturneer, revy/teater/forfatterbesøk, Husker du?

56 229

 

10

 

Bømlo kommune

 

"I manns minne" - Bømlo kulturhus, ulike arrangement på sjukeheimane og ved
Langevåg bygdatun og Moster Amfi.

 

70 000

11

Eidfjord kommune

Konsert på Bygdaheimen.

46 339

12

Etne kommune

Arrangement støtta av Den kulturelle
spaserstokken.

50 000

13

Fedje kommune

 

Frisk luft og god musikk.

6 000

14

Gloppen kommune

Song og musikkglede for eldre

72 695

 

15

Gulen kommune

Musikk og kulturformidling.

43 965

16

Hyllestad kommune

Kvalitetsfulle og varierte kulturtilbod for
eldre

40 843

17

Høyanger kommune

Kultur for alle etter ein pandemi.

59 357

18

Kinn kommune

Søknad Den kulturelle spaserstokken Kinn kommune

117 759

19

Kvam kommune

Kulturtilbod av høg kvalitet for eldre i Kvam.

74 745

20

Kvinnherad kommune

Kulturformidling.

80 000

21

Luster kommune

Kunst- og kulturtprogram til eldre.

88 037

22

Lærdal kommune

Kultur for eldre.

40 000

23

Masfjorden kommune

Møte med kultur.

49 574

24

Osterøy kommune

Gylne kulturopplevingar!

57 583

25

Samnanger kommune

1 Syng med oss - 2 Kultur på institusjon - 3 Kultur for heimebuande.

41 627

26

Sogndal kommune

Den kulturelle spaserstokken i Sogndal

95 973

27

Solund kommune

Kulturopplevingar

50 000

28

Stad kommune

Kultur til eldre - der dei er.

112 661

29

Stord kommune

Program for Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune.

103 395

30

Stryn kommune

Trivselstiltak for eldre i Stryn kommune.

75 900

31

Sunnfjord kommune

Kulturtilbod til heimebuande eldre og
bebuarar på omsorgssentra.

140 000

32

Sveio kommune

1 Sveio senioruniversitet 2 Sveio omsorgssenter 3 Ryvarden kulturfyr 4 Tatsiana Kozel

44 954

 

33

 

Tysnes kommune

 

Konsertar og framsyningar i Storstova - 
Tysnes omsorgssenter.

 

37 828

34

Ullensvang

Søknad om tilskot til Den kulturelle
spaserstokken

123 182

35

Vaksdal kommune

Kvalitetsfulle og varierte kulturtilbod for
eldre

45 779

36

Vik kommune

Kulturfest, markering av eldredagen.

46 477

37

Voss herad

Bygd for alle.

180 017

38

Årdal kommune

Kulturell aktivering av Årdal kommune
eldre.

61 000