Ferjer med færre enn 100 000 reisande blir gratis

– Dette er ei gladsak for innbyggarane i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke at ferjer med færre enn 100 000 reisande årleg blir gratis.

Ferje med bilar oppstilt på dekk. Foto.
GRATIS: 10 ferjestrekningar i Vestland blir gratis frå 1. juli. Foto: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune

I alt 10 ferjestrekningar i Vestland blir gratis frå 1. juli. I tillegg blir delstrekningar på fleirkantsamband til veglause øyer og samfunn, med under 100.000 passasjerar, også gratis frå 1. juli.

– Vi er svært nøgde med at vi kan vedta dette. Gratis ferje vil vere svært positivt for dei som bur på øyane. Det kan medverke til å redusere sosial ulikskap og betre livskvaliteten. Alle som reiser med desse sambanda vil få ein meirverdi, og næringslivet får lågare kostnader. Dette bidreg til å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Gratis ferjer

Dei 10 ferjestrekningane som blir gratis frå 1. juli er:

  • Hisarøy - Mjånes
  • Barmen - Barmsund
  • Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad
  • Daløy - Haldorsneset
  • Fjelberg - Sydnes - Utbjoa
  • Kinsarvik - Utne
  • Fedje - Sævrøy
  • Masfjordnes – Duesund
  • Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella
  • Husavik-Sandvikvåg

Gratis fleirkantsamband

Delstrekningar på fleirkantsamband til veglause øyer og samfunn som også blir gratis frå 1. juli er:

  • Askvoll - Gjervik - Fure – Værlandet (Gjeld reisande til og frå Gjervik og Værlandet)
  • Gjermundshamn - Varaldsøy – Årsnes (Gjeld reisande til og frå Varaldsøy)
  • Jektevik - Nordhuglo – Hodnanes (Gjeld reisande til og frå Nordhuglo)
  • Måløy - Husevågøy – Oldeide (Gjeld reisande til og frå Husevågøy)

Bilførande hurtigbåtar

Vestland har også ein del bilførande hurtigbåtar. Fylkestinget vil ikkje innføre gratis reise for desse på grunn av store kapasitetsmessige utfordringar. Derimot har fylkestinget vedteke å innføre sambanda i sonebillettsstemet frå 1. juli. For dei samfunna som ikkje får reell takstnedgang i soneinndelinga, har fylkestinget vedteke å halvere dagens takst for passasjerar. Dette gjeld:

  • Kaupanger kai – Frønningen
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide
  • Florabassenget
  • Eidsvik- Espevær

Auka kostnad på 30-35 millionar

Etter framlegg frå Trude Brosvik (KrF) vedtok fylkestinget at fylkesadministrasjonen skal gå gjennom dei ulike sambanda som ikkje er tekne med i vedtaket for å kvalitetssikre at samband som kan kome inn under ordninga ikkje er utegløymde. Eventuelle behov for justeringar skal dei komme tilbake til.

Det er kalkulert at gratis ferje vil auke kostnadene for fylkeskommunen med 30-35 millionar kroner årleg. I revidert statsbudsjett har Stortinget vedteke å løyve 83 millionar kroner til gratis fylkesvegferjer i landet.  Fylkestinget føreset at fylkeskommunen blir fullt ut kompensert for desse kostnadene.