Feira ti år med rassikker tunnel, men kampen held fram
På tiårsdagen for opninga av Jondalstunnelen var fylkesordførar Jon Askeland på synfaring for å sjå på eit anna rassikringsprosjekt i same område.

Eit par trafikk-kjegler kjem til syne på den smale og svingete fylkesvegen. Litt småstein, men mest vegetasjon, ligg tett inntil fylkesveg 49 i Kvinnherad. Nyleg gjekk det eit ras her mellom Nordrepollen og Austrepollen, ikkje ein situasjon som er heilt ukjent for dei som køyrer her.

Rassikringsprosjektet som fylkestingsrepresentant og tidlegare ordførar i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard, ønskjer fortgang i, har på folkemunne fått namnet «poll til poll». Ønsket er ein tunnel mellom dei to. Vegstrekninga bind saman Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen.
Symbolske rassikringskaker
Eigentleg er det eit meir lystig lag fylkesordførar Jon Askeland er invitert i. Jondalstunnelen opna 7. september 2012, og ein tiårsdag skal sjølvsagt feirast med kaker. Men tiårsjubilanten får ikkje stå så lenge i rampelyset. Det er pollane som er problemet dei vil ha ei snarleg løysing på, og Brattabø Handegard forklarer symbolikken på kakebordet.

– Det er to ting med denne kaka. Ho er heimebakt fordi Benthe ikkje lenger er i politikken og har betre tid, og ho er noko større, fordi det var ein lang kamp. Her kjem ingenting av seg sjølv. Når de ser at det også er ei mindre kake, så er det fordi eg har litt mindre tid og er litt latare enn Benthe, så denne er kjøpt på Spar. Ho er mindre fordi det skal gå kortare tid før tunnelen mellom poll til poll er på plass, seier ho.

Rasfarleg område
Bratt over kakebordet ligg Ripelsåta og Bukkaknotten, begge ruver over 1000 meter over Hardangerfjorden som vegen går langs. Det er funne fire skredpunkt mellom dei to pollane. To i kategori «høg» og to i kategori «låg».
Nyleg blei eit forprosjekt avslutta. Her har fylkeskommunen sett på veglinjer og tunnelalternativ.
– Det har vore tett med skredhendingar langs strekninga Nordrepollen og Austrepollen. Det er gjort tiltak med skredsikring langs delar av strekninga, men det er ikkje mogleg med tilstrekkeleg sikring langs eksisterande veg, seier John Martin Jacobsen, seksjonsleiar på Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Omkøyringsmogelegheita er om lag 200 kilometer.
Ber om tredobling av rassikringmidlar
Fylkestinget har slått fast at det er viktig med raskast mogleg framdrift i arbeidet med reguleringsplan. Prosjektet er prioritert i Regional transportplan (RTP), med oppstart i perioden 2027–2033. Ein tunnel har ein estimert kostnad på 420–1170 millionar kroner.
– I mars proklamerte vi at alle parti med respekt for seg sjølve må hjelpe oss med å oppfylle Hurdalsplattformen, og kampen for at rassikringspotten til fylkeskommunane skal aukast. Vi gjekk ut og sa at eit rimeleg krav er tredobling til rassikring. Behovet er langt større, difor seier eg rimeleg, seier Askeland.