Feira fredinga av Wittgensteinhuset i Skjolden
Eldsjeler og frivillige vart hylla av både riksantikvar og fylkesordførar då fredinga av Wittgensteinhuset i Skjolden vart feira 13. mai. – De har løfta dette til noko av nasjonal betydning, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Han heldt fram:
– Eg er takksam for arbeidet som er gjort av Luster kommune, Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og andre. De har sikra både huset og historia for ettertida og komande generasjonar. Wittgenstein inspirerer folk den dag i dag. Rausheit og samarbeidsvilje har sikra prosjektet, sa fylkesordførar Jon Askeland i helsinga si.

Vestland fylkeskommune har utarbeidd fredingssaka og sende forslaget om freding over til Riksantikvaren i 2020. Sjølve fredinga vart vedtatt i september i fjor. Fredingsmarkeringa starta i Fjordstova i Skjolden, før turen gjekk opp til huset for omvising der.

Ikkje mogleg utan frivillige
Wittgensteinhuset ligg på ein knaus over Eidsvatnet i Skjolden i Luster kommune. Her kom den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein første gong i 1913, og alt året etter fekk han bygsla tomta og sett i gang husbygging. Huset vart seinare flytta, og berre grunnmuren stod att. I 2013 kjøpte kommunen tomta, og flytteprosjektet starta for alvor.
Huset hadde då stått kledd inn i eternittplater, som hadde bevart det godt. Grunnmuren var også i god stand, og huset vart plukka frå kvarandre og flytta tilbake.
– Alle som har bidrege skal ha ein stor takk, men dette hadde ikkje vore mogleg utan frivillige. Kulturminnevern er heilt avhengige av engasjerte menneske, slo riksantikvar Hanne Geiran fast.

Studentar kom for å hjelpe
Mange har vore viktige i arbeidet med å flytte Wittgensteinhuset tilbake på grunnmuren på knausen over vatnet. To av eldsjelene har vore Trygve Martinussen og Harald Vatne, leiar og nestleiar for Stiftinga Wittgenstein i Skjolden. På markeringa gav Martinussen ein innblikk i både flyttinga av huset og reetableringa av vassforsyninga som Wittgenstein bygde frå Eidsvatnet og opp til huset. Han fortalde òg om gode hjelparar som dukka opp.
– Undervegs i flyttinga kom det studentar frå ulike universitet i Europa for å hjelpe til. Nokre hjelpte blant anna til med å vaske og klargjere taksteinen for helikoptertransport opp til huset, fortalde han.

Plass for kontemplasjon
Føremålet med fredinga er å ta vare på huset, som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass. Her skreiv han delar av «Filosofiske undersøkelser», eitt av hovudverka i den europeiske filosofien i det 20. hundreåret.
– Her fann Wittgenstein roa til å tenkje dei store tankane. Difor er det viktig for Riksantikvaren at huset har kome tilbake der det stod. Wittgensteinhuset var ein stad for kontemplasjon. Kanskje kan staden bidra til nye tankar i ei tid der vi treng nye tankar, sa riksantikvar Hanna Geiran.

Levande kulturminne av format
Knut Olav Åmås, direktør for stiftinga Fritt Ord har i mange år engasjert seg for gjenreisinga av Wittgensteinhuset på den opphavlege staden og deltok på fredingsmarkeringa.
– Det er ikkje berre eit hus og ein stad som er freda no, men ein heilt sentral skriftstad i tenkinga i det 20. hundreåret. Noreg har fått eit nytt levande kulturminne av format, knytt til tenking. Det er ikkje mange slike. No kan vi vere både ved og i huset til Wittgenstein, der han skreiv store verk. Det blir spennande å sjå korleis huset blir brukt framover. Takk til flytteprosjektet – og ein spesielt stor takk til Harald Vatne – det var på ingen måte gitt at de skulle lukkast, sa Knut Olav Åmås, som har skrive fleire bøker om Wittgenstein.