Får kritikk i tilsynssak

Vestland fylkeskommune beklagar at eit søskenpar, som no er i tenåra, ikkje har vore hos tannlegen gjennom oppveksten. Statsforvaltaren rettar kritikk mot fylkeskommunen for manglande oppfølging og samhandling med andre etatar.

Tannklinikk
TAKKA NEI: I denne saka har føresett for søskenparet ved fleire høve takka nei til tildelt time på aktuell tannklinikk og informert tannklinikken om at søskenparet nyttar privat tannhelseteneste i staden. Illustrasjonsfoto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Det er svært beklageleg at dette søskenparet ikkje har fått den oppfølginga dei skulle hatt i oppveksten, seier fylkestannlege Lathamini Murugesh i Vestland fylkeskommune.

– Vi vil gå nøye gjennom tilsynsrapporten og dei reviderte rutinane våre for å sikre at vi opptrer i samsvar med gjeldande regelverk, understrekar fylkestannlegen.

Svikt i fleire ledd

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med Bergen kommune, helsestasjons- og skulehelsetenesta, den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune og med Helse Bergen, Psykisk helsevern for barn og unge, etter fleire bekymringsmeldingar knytt til søskenparet.

«Etter vår vurdering har ikkje barna motteke forsvarlege tannhelsetenester i oppveksten. Vi vurderer det slik at ansvaret ikkje ligg hos tannhelsetenesta åleine, men dette burde vore fanga opp ved samhandling mellom tenestene», skriv statsforvaltaren i tilsynsrapporten.

– Tannhelsetenesta kan ikkje innhente opplysningar frå skulehelsetenesta eller helsestasjonen utan samtykke, men vi skal melde til barnevernet ved bekymring for at eit barn blir mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt. Før 2018 var det ingen føringar om å vurdere bekymringsmelding når føresette takka nei til tilbod om oppfølging frå den offentlege tannhelsetenesta og heller ønska å nytte privat tannhelseteneste. No har den offentlege tannhelsetenesta nasjonale retningslinjer som også seier noko om oppfølging av dei som takkar nei, og dét meiner vi er svært viktig og positivt for dei barna dette gjeld. Dette opnar for at vi kan avdekke og melde frå om mogleg omsorgssvikt på eit tidlegare tidspunkt, presiserer Lathamini Murugesh.

Takka nei

I denne saka har føresett for søskenparet ved fleire høve takka nei til tildelt time på aktuell tannklinikk og informert tannklinikken om at søskenparet nyttar privat tannhelseteneste i staden. I samsvar med rutinane som galdt på denne tida, vart dette notert i journalen. I noverande rutine skal slike avslag kvalitetssikrast ytterlegare ved at føresette skal levere skriftleg stadfesting på at barnet har tilbod i privat tannhelseteneste og samtykker til at den offentlege tannhelsetenesta kan gå utom teieplikta og kontakte den private behandlaren. Dersom føresette ikkje vil opplyse om namn på behandlar eller ikkje vil gje slikt samtykke, skal tannhelsetenesta vurdere om barnet kan vere utsett for vald eller omsorgsvikt og om det er grunn til å melde frå til barnevernet.

– Vi beklagar at vi ikkje alt i 2018 i samband med nye nasjonale retningslinjer gjekk gjennom tidlegare saker der føresette hadde takka nei til tannbehandling av barn, slik at situasjonen til søskenparet hadde vore oppdaga tidlegare. Vi har no dialog med begge søskena om oppfølging i tannhelsetenesta og vil gjere det vi kan for å ivareta desse på best mogleg måte framover, seier fylkestannlegen.

Innkalling frå 3 år

Barn og ungdom i aldersgruppa 0–18 år har krav på gratis tannbehandling hos den offentlege tannhelsetenesta. Frå tre-års alderen vert barna regelmessig kalla inn til tannhelsekontroll hos tannlege eller tannpleiar.

I 2021 var det 124.000 barn og unge mellom 3 og 18 år i Vestland som hadde rett på oppfølging i den offentlege tannhelsetenesta. Føresette takka nei til tilbod om offentleg tannhelsebehandling i 181 tilfelle.