Fagskulen skreddersyr undervising i bedrifter

– Eg lærer nytt kvar dag. Utdanninga har gitt meg større forståing for det eg held på med, seier fagarbeidar Lars Erik Gjelseng. Han har fullført praktisk opplæring i hydraulikk ved Fagskulen i Vestland, ei utdanning som er tilpassa og spissa for jobben han har i servicebedrifta HyCom.

bilde fagskulestudentar
TILPASSA BEDRIFTA: Roger Haavardsen og Kristina Østerbø ved HyCom får undervising tilpassa bedrifta og arbeidet dei gjer innan hydraulikk av faglærar Reidar Gjesdal ved Fagskulen i Vestland. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Over to og eit halvt år har fagskulen gjennomført vidareutdanning i hydraulikk for åtte tilsette i HyCom. Dette har ført fram til det internasjonale sertifikatet CTOP del 1 og 2. HyCom vedlikeheld og reparerer hydraulisk utstyr som, pumpar, motorar og ventilar, etc. På ei tilstelling på bedrifta fekk dei tilsette utdelt sertifikatet av Reidar Gjesdal og Svein Ole Opdahl ved fagskulen.

bilde fagskulestudentar
– Utdanninga som fagskulen har gitt oss, har vore veldig nyttig, seier Lars Erik Gjelseng. Reidar Gjesdal er faglærar. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Spennande jobb

– Eg har jobba 12 år i HyCom. Det er ein spennande jobb. Ingenting er rett fram, og ingenting er make. Utdanninga som fagskulen har gitt oss, har vore veldig nyttig. Den hjelper meg å forstå kva eg held på med.

Gjelseng har utdanning frå Årstad videregående skole og har fagbrev som industrimekanikar.

– Vi har hatt mykje praksis under utdanninga. Det har vore kjekkare enn mykje teori. Vi lærer meir av å plukke på ting enn å lese om det, seier Lars Erik Gjelseng.

bilde fagskulestudentar
Roger Haavardsen og Kristina Østerbø ved testbenken der dei har fått opplæring i hydraulikk. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Finst overalt i samfunnet

HyCom er ei servicebedrift som er stor på vedlikehald og reparasjon av hydrauliske system. Hydraulikk går på overføring av energi i lukka system. Det finst overalt i samfunnet, i bilar, båtar, fly, Bybanen, Fløibanen, etc. Til dømes når du bremser bilen, er det hydraulikken som set bremsene på.

Reidar Gjesdal, pensjonert faglærar ved fagskulen, tok initiativ til utdanninga.

– Eg kjende bedrifta frå før og har hatt klassar her på undervising. Hydraulikkutdanninga har fagskulen tidlegare hatt for andre bedrifter i bransjen på Vestlandet. Denne utdanninga er spissa og spesialtilpassa bedrifta og dei tilsette her. Vi underviser på deira eige utstyr i bedrifta, som er det dei skal bruke i jobben. Dette har heva kompetansen deira. Men vi har også hatt eit samspel med gjensidig læring. Vi har måtte lære korleis deira utstyr fungerer, seier Gjesdal.

Bilde fagskulestudentar
Utdeling av vitnemål og internasjonalt sertifikat i hydraulikk til Lars Erik Gjelseng (f.v.), Ronald Holm, Robert Høyum, Kristina Østerbø, Eirik Saksvik, Stian Skoge og Roger Haavardsen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kundane krev kompetanse

Stig-Rune Søvdsnes i HyCom seier dei har hatt veldig god nytte av utdanninga.

– Det er blitt ny fart i oljesektoren, og mange boreriggar skal i drift igjen. Vi har god ordretilgang, er gode på å reparere utstyr som har havarert og ventar stor pågang framover. Kundane krev kompetanse, og utdanninga har vore svært nyttig og tilpassa oss. Vi har fått dyktigare fagfolk. Dei er komne på eit høgare nivå og spør om andre ting enn før, seier Søvdsnes.

bilde fagskulestudentar
– Kundane krev kompetanse, og utdanninga har vore svært nyttig og tilpassa oss, seier Stig-Rune Søvdsnes i HyCom som designa denne testbenken til utdanninga som faglærar Reidar Gjesdal tok initiativ til. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kundetilpassa skreddersaum

Hycom held til på Håkonshella i Bergen og har ein tredel av oppdraga innan offshore, ein tredel båtar og ein tredel marknaden på land.

– Vi ligg midt i smørauget. Alle kundane er i området her: Hanøytangen Ågotnes, Haakonsvern, Mongstad, Flesland, BKK og Dokkeskjærskaien. Det blir mykje reparasjonar framover, og vi får mykje å gjere på. Vi må truleg leige inn fagfolk for å ta unna arbeidet. Ofte er det vanskeleg å skaffe reservedelar, så vi må designe og produsere nye delar sjølv. Vi leverer det kundane ønskjer. Dette er kundetilpassa skreddarsaum. Vi har fleire bein å stå på og ser lyst på framtidsutsiktene, seier Stig-Rune Søvdsnes.

bilde fagskulestudentar
Kristina Østerbø og Stian Skoge er ekspertar på små og store akkumulatorar. Dei gjev energi til hydrauliske system. Flaskene inneheld komprimert nitrogengass med eit trykk på 800 bar. Til samanlikning er trykket i eit bildekk berre 2,5 bar. Når eit fly har landa og skal bremse, er det ein akkumulator som set på bremsene. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Har heva kompetansen

Blant dei åtte på utdanninga, er det ei kvinne, Kristina Østerbø.

– Det er ikkje så mange damer her. Eg har jobba her i fem år og har det veldig kjekt. Det er mykje å gjere på. Utdanninga har heva kompetansen min. No kan eg meir enn før. Det har vore veldig nyttig for jobben eg gjer, seier Østerbø som har utdanning tidlegare frå Sotra vidaregåande skule og fagbrev i kjemiprosess.

Fagskulen i Vestland ønskjer å tilby denne utdanninga til fleire bedrifter. Samstundes held fagskulen på med å oppgradere utdanninga innan hydraulikk gjennom å få godkjenning for å utdanne fagfolk innan del 3 av det internasjonale sertifikatet CETOP.

– Vi blir dei einaste i landet som kan tilby utdanning på dette nivået, seier faglærar Svein Ole Opdahl ved Fagskulen i Vestland.