Etablerer samarbeid om framtida til Selja kloster

Vestland fylkeskommune skal samarbeide med Stad kommune, Bjørgvin bispedøme og Opplysningsvesenets fond om Selja kloster og helgenanlegg som heilagmål og besøksmål.

foto frå Selja kloster
SELJA KLOSTER: Klosteranlegget er komplett med klosterkyrkje, tårn, andre klosterbygningar, indre og ytre kyrkjegardsmur, ytre klostermur, klosterhage, beitemarker og helgenanlegget med Sunnivahola, Sunnivakyrkja, terrassen og kjelda. (Foto: Sigrun Espe/Vestland fylkeskommune)

Selja kloster er frå 1100-talet og er truleg det eldste klosteret i Noreg. Ruinane ligg på øya Selja, ca. 15 minuttar med båt frå Selje i Stad kommune og rett ut mot Stadhavet.

Internasjonalt kulturminne

Det formelle samarbeidet som no blir etablert, skal sikre ei god utvikling av Selja kloster inn i framtida. Samarbeidsrådet skal blant anna leggje til rette for ei berekraftig reiselivsutvikling, formidle og ta vare på kulturminnet og ta vare på og levandegjere Selja som heilagstad.

– Selja kloster er eit kulturminne av internasjonal standard. Det er mange som har interesser i området, og i korleis det blir forvalta og utvikla framover. Målet med samarbeidet er å samordne og sikre best moglege kår for det offentlege, trussamfunna, næringslivet og dei frivillige som engasjerer seg for klosteret, seier fylkesordførar Jon Askeland.

I gang med forvaltningsplan

Vestland fylkeskommune har forvaltaransvar for Selja kloster, medan det er eigd av Opplysningsvesenets fond. Fylkeskommunen har starta arbeidet med ein forvaltningsplan for øya. Denne planen skal danne grunnlaget for samarbeidet mellom aktørar og for framtidige søknadar om tilskot til bevaring, konservering og skjøtsel.

Stad kommune skal leie samarbeidsrådet, som får ansvar for å skape ein arena for samhandling mellom aktørane. Det skal vere eit rådgjevings- og høyringsorgan for saker som gjeld klosteret og øya Selja.

Representantar i samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet skal vere samansett av ein representant frå følgjande grupper:

  • Stad kommune
  • Vestland fylkeskommune, avdeling for kultur, idrett og inkludering
  • Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling
  • Bjørgvin bispedøme
  • Oslo katolske bispedøme
  • Opplysningsvesenets fond

Fleire detaljar om samarbeidet kan du lese i den politiske saka.