Endrar namn på fire bybanestopp på linje 1
– Vi endrar namna for å gjere det lettare og meir intuitivt for dei reisande å bytte mellom buss og bybane, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke å endre namn på fire bybanestopp, men vil behalde namnet Nonneseter.

Dei fire namna som blir endra er desse:
- Bystasjonen blir Bergen busstasjon
- Nesttun blir Nesttun terminal
- Lagunen blir Lagunen terminal
- Birkelandsskiftet blir Birkelandsskiftet terminal
Logiske og konsekvente namn
– Bybanen er særs sentral i kollektivsystemet i Bergen. Vi må ha logiske og konsekvente namn på haldeplassane. Det gjer det meir oversikteleg for tilreisande og gjer det lettare for reisande med nedsette funksjonsevner å finne fram. Universell utforming er eit viktig prinsipp, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Kulturminne
Forslaget om å endre namn på Nonneseter bybanestopp fekk derimot ikkje oppslutning. Fylkestinget vil behalde namnet. Dei legg vekt på at namnet er gammalt, historisk og eit kulturminne. Dette er i samsvar med tilrådinga frå Bergen kommune og Språkrådet.
– Vi må hugse at vi må ha respekt for den bergenske sjel. Derfor gjekk fylkestinget i mot forslaget om å endre namnet på Nonneseter til Jernbanestasjonen. Visse ting tullar ein ikkje med – i alle fall ikkje i Bergen, humrar fylkesordføraren.

Viktig knutepunkt
Men namnet Bystasjonen blir endra.
– Dette er eit viktig knutepunkt for bussane og begge bybanelinjene. Namnet Bystasjonen er lite intuitivt i og med at bybanestoppet og busshaldeplassen har ulike namn. Det kan verke forvirrande for dei som skal bytte transportmiddel. Dessutan gjekk namnet Bystasjonen ut av bruk for handlesenteret i 1999, som sidan har hatt namnet Bergen Storsenter. Dette knutepunktet får difor namnet Bergen busstasjon, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Terminal
For dei tre haldeplassane Nesttun, Lagunen og Birkelandsskiftet er ønsket å legge til ordet «terminal». Det blir gjort for å synleggjere at dette er større knutepunkt der dei reisande kan bytte mellom bane og buss.