Elevar frå Årstad vidaregåande skule kjemper for ein berekraftig framtid

– Eit lite tiltak kan gjere stor forskjell dersom den enkelte berre tek seg tid til det, seier Maya Regin Nordstrønen, Lise Alsaker Østebrøt og Robin Tohmé, elevar på vg2 ved Årstad vidaregåande skule. 10 skular i Vestland deltek i Plastutfordringa, som har som mål å redusere forbruket av plast og hindre at plast blir kasta i naturen.

Tre elever held kvar sin stol. To elevar held trestolar og har tommel opp, mens ein elev held ein plaststol og har tommel ned.
NEI TIL PLAST: Robin Tohmé (f.v.), Maya Regin Nordstrønen og Lise Alsaker Østrebrøt seier nei til plast og ja til gjenbruk. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

– Vi i Noreg har eit stort ansvar når det kjem til plast fordi vi faktisk har moglegheit til å vere bevisst på det. I andre og gjerne fattige land har ikkje kvar enkelt person dei same ressursane som oss. Dei må heller prioritere korleis dei skal få mat og drikke, seier Robin Tohmé.

Denne hausten har elevane på interiør og eksponeringsdesign vg2 ved Årstad vidaregåande skule fordjupa seg i og lært mykje om plastproblematikken, og korleis dette påverkar verda.

– Vi blir litt flau over Noreg eigentleg fordi vi brukar så mykje plast i forhold til andre land med tanke på kor få som bur her. Fattige land har ikkje dei same resirkuleringsmoglegheitene som oss, så dei endar opp med å brenne mykje av plasten, som kan vere giftig og farleg for dei, forklarer Maya Regin Nordstrønen og Lise Alsaker Østrebrøt.

Konkurrerer om å plukke plast

Klassa deltar i Plastutfordringa kor dei skal loggføre forskjellige berekraftige aktivitetar i appen Ducky. Kvar aktivitet gir ein viss poengsum kor målet til slutt er å stå igjen med flest poeng i konkurranse mot andre skuler i Noreg.

– Ein kan få poeng for å plukke plast frå bakken, bruke kollektivtransport eller skrive til ein politikar, forklarer dei tre elevane.

Sjølv om det er ein nasjonal konkurranse og det i seg sjølv gir ein ekstra motivasjon forklarer dei at det ikkje er det viktigaste med Plastutfordringa.

– Det handlar ikkje så mykje om å vinne konkurransen, og vi treng ikkje premie for å vite at vi har gjort ein god jobb. Det er viktigare å vite at vi har gjort tiltak og at vi veit at vi har vore med å gjere ein forskjell. Det er nok premie i seg sjølv, seier elevane.

Enkle kvardagslege tiltak

Elevane har begynt å gjere enkle plastreduserane tiltak, og oppfordrar alle til å gjere det same.

– Ta med eigen kopp eller flaske og bestikk heimanfrå til lunsjen så slepp du å kjøpe nytt kvar dag. Mange veit ikkje at det kjem mikroplast kvar gong du vaskar klede, og du treng heller ikkje vaske kleda kvar gong det kjem litt skit på dei. Tørk heller over med vann. Og bruk sekk eller berenett enn plastposar når du handlar, seier dei.

Eit anna tiltak elevane er oppteken av er å kjøpe mindre klede og vere meir bevisst på kva stoff kleda er laga av.

– Før du kjøpar nye klede er det lurt å tenkje over om du faktisk treng det. I staden for å kjøpe heilt nye klede kan du gå på Fretex eller andre gjenbruksbutikkar. Eller så finn du masse fint på Tise og Finn som du ikkje finn i butikkar. Det er jo veldig trendy også, forklarar dei.

Tre elevar med armane i kryss mot ein vegg.
BEVISSTE ELEVAR: – Eg får ein litt dårleg følelse viss eg ser at klede eg har inneheld mykje plast, så eg har blitt bevisst på sjekke dette når eg kjøpar noko nytt, seier Maya Regin Nordstrønen. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommmune)

Bevisstgjering av forbrukssamfunnet

Lærarane, Marthe Skaale Myklestad og Sylvelin Samnøy, har laga eit undervisningsopplegg som skal gjere elevane meir bevisst på forbrukssamfunnet vi lever i. Visjonen deira er at bevisstgjering kan bidra til å redusere plastforbruk og formidle at alle kan gjere ein forskjell gjennom heilt konkrete og enkle tiltak i kvardagen.

– Vi har knytt Plastutfordringa opp mot eit undervisningsopplegg som skal ende opp i ein haldningskampanje og ei utstilling som skal minne oss på at vi står ovanfor eit gigantisk miljøproblem, seier Skaale Myklestad og Samnøy.

Utstilling av plast. Kunstutstilling laga av elevane som illustrerer at det er mykje plast som havner i havet.
UTSTILLING: Elevane på interiør og eksponeringsdesign vg2 ved Årstad vidaregåande skule skal lage ein utstilling som setter fokus på å redusere plastforbruk. All plast som blir brukt i utstillinga er gjenbruk. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)