Eit halvt hundreår med foto og film frå indre Sogn

Vestland fylkeskommune har fått oppdraget med å bevare Bergum-arkivet, eit av dei største fotoarkiva frå indre Sogn.

foto av to menn og tre kvinner ved bil, med passøskjer både i og ved bilen
OMFATTANDE FOTOARKIV: Bjørn Bergum (t.v.) og sonen Leiv Erik er glade for at fotoarkivet som inneheld opp mot 200 000 bilde og mykje film no skal oppbevarast i magasinet fylkeskommunen har på Leikanger. Fotoarkivar Hedvig Ølmheim var med og henta alt materialet tidlegare i år. (Foto: Eirik Yung/Vestland fylkeskommune)

– Denne våren markerte ein milepæl for bevaringa av historiske foto frå Sogn, med at det rikhaldige arkivet til fotografane Bjørn Bergum og far hans, Leiv Bergum, no har komme til magasina våre på Leikanger. Her skal vi oppbevare bilda og sikre dei for ettertida. Men kanskje aller viktigast er at vi skal gjere Bergum-arkivet så tilgjengeleg som mogleg for publikum, seier Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef for arkiv i Vestland fylkeskommune.

gamalt foto av folk i Sogndal sentrum
SOGNDALSFJØRA: Foreldra, kona, sonen og svogeren til Leiv Bergum er her fotograferte på Fossetunet i Sogndal. Bjørn Bergum er guten på trehjulssykkelen. (Foto: Leiv Bergum)

Utfordrande å oppbevare

Fotograf Bergum heldt til i Sogndal, men er eit kjent omgrep i store delar av indre Sogn. I til saman over 50 år dokumenterte far og son Bergum lokalhistorie, næringsliv, natur og familiar med både foto og film i eit fotoarkiv som tel opp mot 200 000 bilde. Bjørn Bergum deltok sjølv i flyttearbeidet av arkivet frå Sogndal til magasinet på Leikanger. Han er klar på kvifor han ønskjer at fylkeskommunen skal forvalte det for framtida.

– Det er heilt fantastisk at fylkeskommunen kjem og hentar alt. Eg har tenkt på det i fleire år, at no må me passe på å få gjort noko med arkivet. Både son min og eg er opptekne med anna, men negativa og filmane har no lege her, seier Bergum.

gamalt foto frå ferjekaien på Kaupanger, med ferje til kai og bilar og bussar på kaien.
KAUPANGER: Bergum-arkivet inneheld bilde frå heile indre Sogn. Her er det ferjekaien på Kaupanger som er fotografert på 1950- eller 60-talet, med fjellet Bleia i bakgrunnen. (Foto: Leiv Bergum)

Sonen Leiv Erik er ikkje fotograf som faren og farfaren, men er engasjert i arven etter dei.

– For meg er det viktig at dette blir teke vare på, fordi det er utfordrande for oss å oppbevare det godt. Det kjennest verdifullt å bidra til at det er bevart for ettertida, slik at arkivet kan brukast av nye generasjonar, seier han.

Kulturhistorisk gull

Foto og film blir registrert og oppbevart i sikre magasin no som arkivarane til fylkeskommunen tek over forvaltninga. Fotoarkivet etter to blad Bergum er både unikt, variert og svært omfattande.

– Det er rett og slett unikt i regional samanheng. Vi har her sikra oss kulturhistorisk gull i form av flyfotoproduksjonen, oppdragsfotograferinga for næringslivet, folkelivsbilde frå både Sogndal og andre stadar og levande film, fortel fotoarkivar Hedvig Ølmheim, som var med og henta arkivet.

gamalt turistbilde som syner snødekte fjell og vatn. nede i høgre hjørne står det Camera Bergum
POSTKORTMOTIV: Postkort produsert av Camera Bergum, firmaet som far og son Bergum dreiv i lag fram til 1996, og som vart etterfølgt av firmaet Fotograf Bjørn Bergum AS. (Foto: Camera Bergum)

I fotoarkivet er det blant anna filmintervju med Gunnar Øren, som var industriarbeidarar i Årdal, og med Anders Onstad og Kåre Sønnerheim, som fortalde om livet på fjellgarden Sinjarheim i Aurland. Utvalde bilete har også tidlegare vorte brukte i Leiv Bergum sine bøker som viser utviklinga i regionen. 

Tapte familiebilde og lokalhistorie

– Foto er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida. Dei fortel oss om korleis samfunn, busetnad og mykje anna har endra seg over tid. Noko av det viktigaste for oss er å gjere dette rikhaldige arkivet vi no har fått ansvar for, tilgjengeleg. Kanskje kan vi hjelpe nokon som leitar etter tapte familiebilete frå tidlegare tiår, då arkivet inneheld mykje portrett av barn, bryllaup og konfirmantar, seier Ølmheim.

Arkivet etter Bergum-fotografane er også aktuelt for dei som leiter etter foto- og filmmateriale til eigne prosjekt og til lokalhistorisk arbeid.

foto av brannen der eit tårnhus i Sogndal brann ned i 1965
NYHEITSFOTO: Det såkalla Tårnhuset i Sogndalsfjøra brann ned til grunnen i 1965. Huset tilhøyrde fotograf Reppen, som verka i Sogndal i tida før Bergum. (Foto: Leiv Bergum)

Digitalisering på trappene

Først og fremst skal utvalde delar av det store fotoarkivet digitaliserast og bli vist ope på nett i webarkiv for foto. Filmmaterialet skal også digitalisast i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Publikum kan alt no ta kontakt med arkivarane for å få hjelp til å finne fram til og få bruke foto og film frå arkivet. 

I flytteprosessen, mellom pakking, bering og løfting, fekk Bjørn Bergum det store spørsmålet: Har han fotografert alle i Sogndal?

– Å nei, det er vel ikkje mogleg. Og eg var ikkje åleine, Per Ingar Sviggum har vore ein viktig fotograf i regionen. Men det har jo blitt ein del portrett, saman med mykje anna vi har drive med. Så det er litt av kvart i dette arkivet, slår han fast.

foto av to menn kledde i fjell-/jaktkle, utanfor bu/sel på fjellet
FAR OG SON: Bjørn Bergum saman med faren Leiv. Til saman sikra dei to fotografane mykje og viktig foto- og filmdokumentasjon frå heile indre Sogn gjennom mange tiår. (Foto: privat)