Desse er vidare i konkurransen om framtidas hurtigbåt
Fire leverandørar har kvalifisert seg vidare i konkurransen om å levere framtidas miljøvennlege hurtigbåtar til fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Dei fire er ESNA, LMG Marin, SES-X og Transportutvikling. Leverandørane satsar på batterielektriske hurtigbåtar med ulike skrogdesign: enkeltskrog, katamaran og trimaran.
Både foilteknologi og SES (luftpute) er representert. Alle har same mål om å redusere energiforbruket til hurtigbåtar.
– Vi er svært glade for å sjå dei gode resultata vi får levert gjennom prosjektet. Fylkeskommunane samarbeider godt og legg til rette for at norsk maritim næring kan ta ei verdsleiande rolle innan grøn hurtigbåtdesign- og bygging, seier fylkesordførar Jon Askeland, fylkesordførar Tore O. Sandvik i Trøndelag, og fylkesrådsleiarane Tomas Norvoll i Nordland og Bjørn Inge Mo i Troms og Finnmark.
Modelltesting i tank
Seks ulike leverandørar har sidan i fjor haust jobba med forslag til løysingar for dei nye hurtigbåtane.
Rapportane om dette vart levert 25. mars i samband med avslutning av første fase av konkurransen. Etter grundig evaluering er fire leverandørar valde ut til å gå vidare.
I neste fase av konkurransen skal leverandørane stadfeste design, mellom anna gjennom analysar og modelltesting i tank. Fristen for dette er i slutten av november.
Designdelen av hurtigbåtprosjektet blir avslutta i mai neste år. Målet er å ha utvikla elektriske nullutsleppshurtigbåtar med minimum 30 prosent lågere energiforbruk enn noverande hurtigbåtar.
Må ha støtte frå statleg hald
Ambisjonen er å bruke dei innovative design- og teknologiløysingane som ein mal i framtidige hurtigbåtkjøp, der inntil tre fartøy skal bli bygd og testa.
– Vi ser at det er eit stort teknologisk sprang før vi har dei nye hurtigbåtane på plass i den fylkeskommunale transporten langs kysten vår. Det vil krevje ytterlegare støtte frå statleg hald å få bygt båtane. Samstundes er dette prosjektet eit «kinderegg», der vi får næringsutvikling, klimagevinstar og betre transport, sier Askeland, Sandvik, Norvoll og Mo.
Om Framtidas hurtigbåt del 2
- Hurtigbåten er viktig for mange. Den knyt øysamfunn saman med kvarandre og med fastlandet og skaper grunnlag for ein balansert og samanhengande bu- og arbeidsmarknad. Det er rekna med at ein stor del av næringsutviklinga framover vil skje langs kysten av Noreg og den pårekna aktiviteten vil medføre auka reisebehov på sjø.
- Tradisjonelle hurtigbåtar treng store mengder fossilt brensel. Dette er både dyrt og ureinande. Gjennom prosjektet Framtidas hurtigbåt del II ønskjer dei fire fylkeskommunane å gjere hurtigbåtar til ein av de grønaste transportformene. Samstundes bidrar offentlege tilskot til prosjektet med å redusere risiko for norsk maritim næring, slik at den kan ta større utviklingssteg inn i ei grøn framtid.
Prosjektet er støtta av Klimasats, ei tilskotsordning underlagt Miljødirektoratet for reduksjon av klimagassutslepp.