Bybanen til Fyllingsdalen offisielt overlevert
– Gratulerer med denne store dagen. Dette har vi venta lenge på, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under overleveringa av Bybanen til Fyllingsdalen. Tidleg måndag morgon startar ordinær drift.

Bybanen vart 18. november offisielt overlevert frå Bybanen utbygging til Bybanen AS, som eig og skal drifte Bybanen. Dette vart feira i Kaigaten, endestoppet i Bergen sentrum. 300 frammøte deltok i feiringa utanfor Rådhuset og Gulating lagmannsrett. Etter talar, underhaldning og snorklipp gjekk første bybanevogn til Fyllingsdalen der mange hundre hadde møtt fram til folkefest, fleire talar og underhaldning.

Gratis bybane søndag
Drift av Bybanen startar måndag, men for å gle dei reisande går Bybanen gratis mellom Kaigaten og Fyllingsdalen søndag i tidsrommet klokka 10 til 18. Det blir diverse underhaldningsinnslag både i vognene og på haldeplassane. På Fyllingsdalen terminal skal mellom anna Fyllingsdalen teater opptre.
Samferdselsministeren takka innbyggarane i Bergen for at dei har vore tolmodige.
– Slike prosjekt tek tid. Oppsummert er det brukt 3,7 millionar arbeidstimar for å bli ferdig. På det meste har 1011 personar vore involvert i bygginga. Bybanen er veldig straumeffektiv. I snitt bruker vi mindre enn ein kilowattime straum pr. passasjer pr. reise. Med straumforbruket til ein vanleg familie, kan vi frakte 30 000 reisande, opplyste Nygård.

Løftar i lag
Staten har betalt 50 prosent av kostnaden med bygging av Bybanen til Fyllingsdalen.
– Dette er det første store prosjektet i denne pakka som vi opnar. Satsing på kollektivtransport er viktig for å nå klimamål og mål om nullvekst i biltrafikken. Fleire må ta kollektivtransport. Samarbeidet vi har om Bybanen, viser at vi får det til når vi løftar i lag. Regjeringa deler ambisjonen i Bergen om at vi skal ha kontinuerleg bygging av Bybanen, også til Åsane. Til våren skal vi ha møte for å diskutere vegen vidare, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Bybanen er berre i Bergen
Fylkesordførar Jon Askeland strålte på Bybane-festen.
– «Slit àn» med Bybanen til Haukeland, Minde og Dalen. Fyll den opp, det er fortent, kjære Bergen! Gratulerer med dagen! jubla Askeland og heldt fram.
– Bybanen er Bergen, den er berre i Bergen, og den påkallar alt av latinoblod i byen vår, ja, den er det moderne Bergen. Den er raseri og kjærleik i skjønn foreining. Og bybanen fungerer der den er komen. For om Bybanen er omgitt av debatt, så er den ein fantastisk kollektivsuksess, og ein fantastisk byutviklingssuksess, sa fylkesordføraren.

Viktig byutvikling
Bybanen har vore viktig for utviklinga av Bergen.
– Der bybanen kjem, der skjer det ting. Folk flyttar dit. Det blir bygt mykje nytt og spennande i bybaneområda. Bybanen er ein heilt sentral del i den største kollektivsuksessen i Noreg og Europa. Bergen elskar Bybanen, for vognene er fulle. Det fekk samferdselsministeren merke då vi henta han på Flesland. Det var smekkande fullt inn til by’n, sa Askeland.

Størst og mest omfattande
Bybanen til Fyllingsdalen er det fjerde byggetrinnet.
– Dette er det største og mest omfattande byggetrinnet til no. Det har tre sentrale element: Helsemiljøa på Haukeland og det svære stoppet der, forvandlinga på Mindemyren med Kronstad og Kristianborg, og ikkje minst fordi Dalen blir sentral i by’n. Eg er sikker på at det blir ei fantastisk stor byutvikling langs den nye traséen. Ei reisetid Dalen - Haukeland på ca 10 minutt opnar ny kvardag i vestre bydel, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Opnar måndag
Måndag 21. november opnar Bybanen til Fyllingsdalen for ordinær trafikk. Skyss skal ha rettleiarar ute på utvalde knutepunkt for å hjelpe reisande med å finne fram. Første avgang frå Fyllingsdalen blir klokka 05.46 og klokka 05.59 frå sentrum. Skyss markerer opninga med utdeling av bollar til dei reisande.
Totalt tek det 16 minutt å reise heile vegen mellom Kaigaten til Fyllingsdalen terminal. Åtte nye stopp bind bydelar og nabolag saman og gjer reisekvardagen enklare for dei kollektivreisande.

Første spadetak
Den første spaden vart sett i jorda i april 2017. Fem og eit halvt år har den omfattande og kompliserte bygginga tatt. Byggekostnaden er 9,98 milliardar kroner.
Nokre fakta om Bybanen linje 2:
- 9 km dobbeltspor bybanelinje
- 2 tunnelar på til saman 4,2 k
- 2 gang - og sykkeltunnelar
- Vognhall i fjell med plass til 18 bybanevogner
- 24 km køyreleidning og 485 køyreleidningsmaster
- 126 banesignal bunda saman med 80 km signalkablar
- Nesten 200 trær er flytta på og tilbakeført langs traseen
- 8 nye haldeplassar, derav 1 under jorda
- 6 nye bybanevogner, totalt 34
- 26 bybanevogner i drift samstundes i rushtrafikken på begge linjer
