Brei semje om fleire klassar i opplæringstilbodet

– Eg er glad for at vi har brei semje. Alle partia står samla, seier leiar Karianne Torvanger. Hovudutval for opplæring og kompetanse har vedteke opplæringstilbodet som skal lysast ut i dei vidaregåande skulane i Vestland komande skuleår.

Kokk
AUKE: Restaurant- og matfag får fleire klassar neste skuleår. Malena Øvre Helland er regjerande fylkesmeister i kokkefaget. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Vedtaket i hovudutvalet onsdag 23. november var samrøystes. Vedtaket dannar grunnlag for tilbodet som blir lyst ut i januar, og som elevane kan søkje på for skuleåret 2023-24.

– Dette er ei sak som engasjerer stort i fylket vårt. Vi har fått mange innspel, og det har vore dialog både med skulane våre, opplæringskontora og arbeids- og næringsliv. Vi ser også at vi har ei auke i søkinga til yrkesfag som vi også må ta omsyn til. Etter grundig gjennomgang trur eg vi har greitt å lage eit godt og variert tilbod, der vi har teke omsyn til elevane og opplæringa dei skal ha, seier Karianne Torvanger.

Endring og auke

Etter framlegg frå Sigurd Reksnes, som alle partia slutta seg til, vart desse endringane samrøystes vedtekne:

  • Dale vgs: Ei gruppe vg1, TIF, blir erstatta med ei gruppe vg1, bygg og anleggsteknikk.
  • Odda vgs får ei gruppe vg2, helsefagarbeidar som skal bli vurdert i kombinasjon med vidaregåande opplæring for vaksne.
  • Knarvik vgs får ei gruppe vg1, handverk, design og produktutvikling.
  • Stord vgs får ei kombinasjonsgruppe vg2, overflateteknikk og vg2, klima, energi og miljø (KEM).
  • Høyanger vgs: Klassen på helse- og oppvekstfag skal vere i kombinasjon med vidaregåande opplæring for vaksne, slik som tidlegare.

Auke i tal elevar

I vedtaket har hovudutvalet tilpassa tal klassar som skal lysast ut etter kor mange elevar som går på dei ulike studieretningane. I tillegg har dei teke omsyn til auken i tal elevar som går ut frå grunnskulen i Vestland.

– Vi får 78 fleire elevar frå grunnskulen neste år, som vi skal ha plass til i dei vidaregåande skulane. Av desse kjem 56 i Hardanger og Voss, 43 i Sogn og Sunnfjord og 30 i Stor-Bergen. Det inneber at vi må auke kapasiteten på vg1. Korleis vi konkret skal fordele dette, må vi komme attende til når vi ser kva utdanning dei søker til våren, seier Karianne Torvanger.

Auke i tal klassar

Slik blir auken i klassetalet lyst ut i januar:

  • Innan helse- og oppvekstfag blir klassetalet auka med 3,5.
  • Innan naturbruk aukar klassetalet med 3.
  • På restaurant- og matfag aukar klassetalet med 3.
  • På sal, service og reiseliv aukar klassetalet med 4.
  • På teknologi og industrifag aukar klassetalet med 3.
  • Årstad videregående skole får auka tal klassar på frisør, vg2, frå 2 til 3, og på kunst, design og arkitektur vg1, frå 2 til 3 klassar.
  • Stord vidaregåande skule får status som spissa toppidrettsskule.

Reduksjon

På den andre sida har klassane i dei vidaregåande skulane i Vestland ei samla ledig kapasitet på nærmare 900 elevar. For å redusere denne overkapasiteten er klassetalet redusert noko. På studiespesialisering blir det 4,5 klassar færre, mens påbygg, vg3, blir redusert med 4 klassar.

Det endelege klassetalet blir avgjort til våren, når inntaket er klart.