Ber om midlar for å fremje miljøvenlege alternativ til gummigranulat
Fylkesutvalet ber Kultur- og likestillingsdepartementet om ekstraordinære tilskotsmidlar for å fremje bruk av miljøvenlege alternativ til gummigranulat.

Ved tildeling av spelemidlar er det i dag same tilskotssum til ei kunstgrasbane med granulat med avbøtande tiltak og ei bane som har miljøvenlege alternativ for ifyll. Det ønskjer Vestland fylkeskommune å gjere noko med.
Dyrare med miljøvenleg alternativ
I møtet 6. april vedtok fylkesutvalet difor ei fråsegn til departementet, der målet er ekstraordinære tilskotsmidlar for å leggje til rette for bruk av miljøvenlege alternativ.
– Dersom vi ønskjer å fremje miljøvenlege alternativ på ulike område i samfunnet, bør det løne seg. Det syner seg at det i dag er dyrare å etablere baner utan gummigranulat enn tradisjonelle baner med. Difor er det svært viktig med ei ordning som gjer at ein kan bruke miljøvenlege alternativ utan at det skal koste kommunar, lag og organisasjonar meir enn den tradisjonelle løysinga, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Ein må i dag rekne med ein ekstrakostnad på mellom 250 000 kr og 1 500 000 kr avhengig av materialval om ein skal etablere ei kunstgrasbane utan gummigranulat.
Krev statleg økonomisk bidrag
Vedtaket i fylkesutvalet er i tråd med både mål 2 i utviklingsplanen om klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling og plaststrategien til Vestland. Der står det at fylkeskommunen i samarbeid med idretten skal finne alternativ til kunstgras med gummigranulat. Det gjeld både på eksisterande kunstgrasbaner, og at fylkeskommunen skal vere pådrivar for innovasjon og utvikling på dette feltet.
– Fylkeskommunen skal ta tak her, men vi er heilt avhengige av å ha staten med på laget. Departementet må på bana med midlar som gjer det mogleg for oss i samarbeid med både idretten, kommunar, lag, organisasjonar og forskingsmiljø å bli betre på dette feltet, seier Askeland.
To alternative forslag
I fråsegna til departementet har fylkesutvalet to alternative forslag (i prioritert rekkefølgje) til kva løysing det ønskjer seg:
- Ved neste revisjon av «bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet», bør det vere inkludert eit unntak i pkt 2.4.9 om rehabilitering av idrettsdekke først etter ti års bruk. Kunstgrasbaner med miljøvenleg ifyll må kunne rehabiliterast etter fem år om kvaliteten ikkje er god nok.
- Etablere ei programsatsing (over 4 år) med tilskot til kommunar og idrettslag som ønskjer å etablere/rehabilitere kunstgrasbaner og som ønskjer å prøve ut nye løysningar utan gummigranulat. Dette vil bidra til vidare utvikling og til å hauste erfaringar frå bruk av ulikt ifyll frå heile landet.