3,5 millionar til idretts- og skianlegg

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har løyvd 3 mill. kr i investeringstilskot til større idrettsanlegg og 500 000 kr til drift av skianlegg for langrenn og turlangrenn.

foto av Fana stadion
FANA STADION: Fana stadion i Bergen får det største tilskotet i denne tildelingsrunden for investeringstilskot til større idrettsanlegg. Hovudutvalet løyver 1 350 000 kr til anlegget. (Foto: Alasdair McLellan/Wikimedia Commons (https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Fana_stadion_stands.jpg))

Investeringstilskota er fordelte slik:

  • Fana stadion: 1 350 000 kr
  • Åsane arena: 1 000 000 kr
  • AdO arena: 650 000 kr

– Vestland fylkeskommune skal bidra til at fylket kan vere vertskap for nasjonale og internasjonale meisterskap. Difor gir vi slike investeringstilskot til store og dyre anlegg. Store meisterskap kan skape breitt engasjement, samhald, motivasjon til satsing og positive ringverknadar for næringsliv og lokalsamfunn, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

14 skianlegg får tilskot

Nytt av året er tilskotet til drift av skianlegg for langrenn og turlangrenn. Det vart lyst ut tidlegare i haust, og det er no klart at desse 14 anlegga får støtte:

  • Langeland skisenter i Sunnfjord: 50 000 kr
  • Sjusete skisenter i Kvam: 50 000 kr
  • Totræna vinterpark, Samnanger: 50 000 kr
  • Ullsheim, Stryn: 50 000 kr
  • Drevtjørn ski- og tursenter, Ulvik: 50 000 kr
  • Harpefossen skisenter, Stad: 30 000 kr
  • Dalane skianlegg, Voss: 30 000 kr
  • Fellesanlegget Tua, Stad: 30 000 kr
  • Totland og Frotveit, Bergen: 30 000 kr
  • Sogn skisenter, Luster: 30 000 kr
  • Sogndal skisenter, Sogndal: 30 000 kr
  • Seimsåsen aktivitetssenter: 30 000 kr
  • Vik skisenter: 30 000 kr
  • Kleivane skisenter, Gloppen: 10 000 kr

Folkehelse og friluftsliv

Mange skianlegg er eigde av frivillige lag og organisasjonar med marginale inntekter. Det er noko av bakgrunnen for at fylkestinget i desember 2021 sette av 500 000 kr til tilskotsordninga for anlegg for langrenn og turlangrenn.

– Skianlegga er ei viktig utfartsåre for rekreasjon, trening og friluftsliv. Dei er gode arenaer for fysisk aktivitet, noko som betrar helsa til den enkelte og også kjem folkehelsa til gode. No håpar vi tilskotet frå fylkeskommunen kan bidra til hyppig løypekøyring og gode skiforhold for innbyggjarane i fylket, seier Davies.

Les meir om i saksframlegga: