– Vi treng alle på dekk i det grøne skiftet

Det sa fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis på nyttårsmøtet i dag. Fylkeskommunen lanserer no Team Vestland for å mobilisere til samarbeid om grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar i fylket.

Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis leia nyttårsmøtet. Foto
NYTTÅRSMØTET: Betre samarbeid vart sett på som viktig for at Vestland skal lukkast. Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis leia nyttårsmøtet. Foto: Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen inviterer til eit breitt samarbeid på tvers av verdikjeder og geografi for å nå målet om eit utsleppsfritt Vestland innan 2030. Ønsket er å samle inn innspel og refleksjonar frå så mange som mogleg for å få oversikt over kva ressursar som finst i fylket vårt.

Året for handling

2022 skal vere året for handling, ifølgje Askeland og Golis.

– Det hastar! La oss tørre å ta debattane. Vi er ikkje redd for å vere ueinige, men må samtidig vise respekt for andre sine meiningar. Vi må berre gjere det, for klima og miljøkrisa krev noko av oss, sa Golis som leia møtet saman med Askeland.

Fylkesordføraren la til at vegen til suksess er gjennom samarbeid. Ikkje eit snilt samarbeid der vi berre er greie med kvarandre, men eit samarbeid der vi utfordrar kvarandre.

– No er vi klar til å ta samarbeidet eit steg vidare.

Han la til at debatt er veldig viktig fordi den fører oss framover.

– Men politikk er og å ta ein god idé, foredle han og gjere han betre. Det er derfor viktig at vi koordinerer oss utad når vi er ferdig med debatten.

Geir Inge Lunde i Tankesmia Vest leia debatten der han konkluderte med at med godt samarbeid kan Vestland få Silicon Valley. Foto:
Geir Inge Lunde i tankesmia Initiativ Vest leia debatten der han konkluderte med at med godt samarbeid kan de lage Silicon Valley på Vestlandet . Foto: Vestland fylkeskommune

Grøn vekst i heile fylket

Hovudtema for arrangementet var grøn vekst i heile fylket og kompetanse for framtida. Vestlandsporteføljen, hovudrapporten for prosjektet Grøn region Vestland, viser at samarbeid er essensielt for å lukkast i det grøne skiftet. Prosjektet som Vestland fylkeskommune leia saman med Innovasjon Norge identifiserte 250 enkeltståande grøne innovasjonsprosjekt. Desse dannar grunnlag for 16 grøne hubar i heile fylket, delt i fire kategoriar: maritime hubar, industrihubar, marine hubar og biohubar. Hubane skal sikre momentum i nye grøne verdikjeder i Vestland. For tida er knapp.

– Må fokusere på industri

– Vi har ikkje tid til å vente til pandemien er over. For å lukkast er det viktig å fokusere på industri. Vi treng meir industri både i Norge og på Vestlandet. Målet er å produsere meir med mindre utslepp, sa Eigil Knudsen, leiar i finanskomiteen på Stortinget, i sitt innlegg.

Olje og gass-industrien står sterkt på Vestlandet.

– Det er viktig å utnytte kompetansen frå denne industrien i utviklinga av dei nye grøne industriparkane som skal utviklast i Vestland, sa Knudsen i sin kommentar til Vestlandsporteføljen.

Knudsen understreka at regionen er rik på naturressursar og har eit godt grunnlag for vekst.

Stor investering i sirkulære forretningsmodellar

Eit eksempel på korleis industrien i Vestland legg om til mindre utslepp og sirkulære forretningsmodellar kom frå Johannes Aalbu, program manager digital R&D/hydrogenprosjekt i Hydro Aluminium. Hydro investerer store summar i å få ned co2-utsleppa gjennom å gjenbruke aluminium og produktet dei lagar er veldig etterspurt i marknaden. IKEA ønskjer til dømes gjenbrukt aluminium til sine produkt. Hydro satsar på sirkulære forretningsmodellar både i Årdal, Høyanger, Husnes og Sunndal.

Eit anna døme på sirkulærøkonomi i fylket kom frå bedriften Invertapro på Voss. Dagleg leiar Trude Tronerud fortalte korleis dei bruker matavfall til å produsere 3600 tonn larvar og 4300 tonn gjødsel i året. Larvane et matavfall og veks fort. Dei blir brukt til både matproduksjon, fór og gjødsel. Produksjonen er både ressurseffektiv og berekraftig og ein brukar lokale råstoff frå mellom anna Vaksdal mølle og restaurantar og bedrifter.

Redusert arbeidsløyse

Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, presenterte positive tal for utviklinga i sysselsettinga i Vestland.
– Tal ledige er no redusert med 20 prosent i høve 2019. Talet på permitterte har gått jamt og trutt nedover det siste halve året. Toppen var i februar i fjor grunna pandemien. Talet er framleis høgt, men det lågaste sidan mars 2020. Eg er meir bekymra for langtidseffektane. Vi har mange langtidsledige og dobling av unge uføre dei siste 10 åra. Derimot vi har stor etterspørsel etter folk i heile fylket. Forklaringa er at mange utanlandske arbeidarar ikkje har kome attende.

NAV-direktøren sa også at ein ny samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og NAV om fag- og yrkesopplæring har styrka tilbodet, treff betre og legg meir til rette for slik utdanning.

Fleire skal fullføre vgs

Siri Halsan i KS orienterte om fullføringsreformen som skal sikre at fleire fullfører vidaregåande opplæring og kjem ut i arbeid. Regjeringa har løyvt ekstra pengar til dette og til vaksenopplæring slik at alle skal få rett til å få studiekompetanse eller ta fagbrev.

– Lukkast Bergen – lukkast Vestland

Torbjørn Mjelstad er rektor på den samanslegne Fagskulen Vestland.

– Vi har 1700 studentar og 45 utdanningstilbod i samordna opptak. Samabeidet med arbeidslivet er tett, men vi skal bli betre på det. Bergen er berebjelken, der vi har størst tilbod og flest studentar. Lukkast vi i Bergen, lukkast vi i Vestland. Utdanning er ein av dei store drivarane for sentralisering. Men vi må ha fleire bein å stå på og tilgang til kompetanse der det er bruk for den. Vi må vere desentralisert og fleksibel og derfor vere til stades rundt om kring i Vestland. Vi har difor utdanningshubbar i distrikta i samarbeid med næringslivet og industrien, sa Mjelstad.

7 av 10 blir på Vestlandet

Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet sa at dei utdannar 4500 kandidatar i året og at 7 av 10 blir på Vestlandet. Dei har etablert avdeling for samfunnskontakt for å styrke samarbeidet på Vestlandet. Han sa at dei vil bli med i Team Vestland for å bli med på den grøne utviklinga.

Folk flyttar til byane

Erling Lodden i Eidesvik på Bømlo meiner kommunane må bli flinkare til å samarbeide på tvers.

– Slik eg ser det har vår region det beste utgangspunktet for å lukkast. Vi har flinke fagfolk på alle nivå, men utfordringa er at folk flytter til byane. Kva skal til for å demme opp om denne utviklinga? Eg trur vi må sjå på regionen som ein fells bu- og arbeidsmarknad, vi må samarbeide, styrke møteplassane våre og få betre infrastuktur, sa Lodden.

Fleksibel og dynamisk

Ann Iren Festervoll er prosjektleiar ved NAV Gloppen for Gloppenmodellen som har gitt mange innvandrarar fagbrev og jobb i helsevesenet sidan 2013.

– Gloppenmodellen har vore ein suksess. 75 prosent av deltakarane har fått fagbrev og jobb, men Gloppenmodellen passar også for ei større gruppe enn berre innvandrarar. Den er fleksibel og dynamisk, og vi ser behovet i marknaden og elevgrunnlaget. Karakter er ikkje viktig, men haldningar og motivasjon. Vi har tett samarbeid og jobbar i lag med integrering og inkludering, sa Festervoll.

Hjerneflukt austover

Ein paneldebatt om framtida for Vestland avslutta nyttårsmøtet. Den vart leia av Geir Inge Lunde i tankesmia Initiativ Vest. Han er uroa for at vi ikkje har nok folk og kompetanse.

Johannes Aalbu i Hydro svarte at vi har kompetanse, men at vi treng meir IKT-kompetanse og må samarbeide meir.

Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen opplever hjerneflukt austover.

– Vi har 1500 studentar på IT. 70 prosent av dei som tek master forsvinn til Osloområdet. Dei fleste har alt fått jobb der under masterstudiet. Skal vi behalde dei, må vi bli flinkare på å fortelje kva vi har og kva vi er gode på. Eg håpar vi kan huke dei før dei forsvinn, sa rektor.

Rundebordsmøte knuste problemet

Betre samarbeid på Vestlandet vart også eit tema om fylket skal lukkast med å bygge framtida. Helene Frihammer i NHO hadde eit godt døme.

– Samarbeid må gjerast konkret, og vi må forstå. Det gjorde vi då vi satsa på elektriske ferjer. Då hadde vi eit rundebordsmøte om korleis vi skulle knuse problemet. Då såg vi forbi alle siloane våre og lukkast. I Vestland og resten av Noreg er det blitt ein revolusjon med el-ferjer. Vi må tørre å sette oss saman og tenke nytt, og vi må ta desse kampane i lag, sa Frihammer.

Silicon Valley på Vestlandet

Leiar av finanskomiteen på Stortinget, Eigil Knutsen, sa at det er godt samarbeid mellom Hordalandsbenken og Sogn og Fjordanebenken på Stortinget.

– Vi samarbeider godt om konkrete saker, men vi må samarbeide mykje meir enn vi gjer. Alle fylka på Vestlandet må samarbeide og bli ein motkraft mot sentraliseringa vi har sett i Osloregionen dei siste 10 åra. Det må bli ein felles kraft i fylka. Får vi til det, kan vi bli verdsmeister, sa Knutsen.

– Då kan vi lage Silicon Valley på Vestlandet, la Geir Inge Lunde til.