- Bygg ut kraftnettet i Vestland

I ein kronikk tek fylkesordførar Jon Askeland opp den vanskelege situasjonen for kraftnettet. Vestland er det største kraftproduserande fylket i landet, men manglar likevel kraft grunna svakt nett og låg transformatorkapasitet.

Kraftliner. Foto.
TRENG MEIR STRAUM: Kraftnettet i Vestland må byggast ut for at fylket skal få tilgang på meir straum. Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune

I kronikken krev fylkesordføraren handling for å bygge ut kraftnettet. I hovudrapporten til prosjektet Grøn region Vestland er det skissert 22 000 nye grøne arbeidsplassar. Desse kan fylket gå glipp av om ikkje kraftnettet blir bygt ut. 

Kronikken til fylkesordførar Jon Askeland:  

Kraftnettet i Vestland treng handling 

 Vestland fylke kan gå glipp av 22 000 nye grøne jobbar viss det ikkje gjerast noko med kraftnettsituasjonen i fylket. Det syner den ferske rapporten Grøn region Vestland, som Vestland fylkeskommune har fått utarbeidd.  

Vestland er det største kraftproduserande fylket i landet. Heile 25 prosent av norsk kraftproduksjon skjer i Vestland, men likevel manglar me kraft til den nye industrien på grunn av svakt nett og låg transformatorkapasitet. Halvparten av straumen vert eksportert ut av fylket. Konsekvensen av manglande nett er tapte arbeidsplassar og svekka konkurranseevne. Mangel på nett er det største hinderet for nyetablering og vekst i fylket og dette er årsak at fleire vasskraftverk med konsesjon ikkje får byggeløyve frå staten. 

Hovudrapporten for prosjektet Grøn region Vestland viser potensial for 22 000 nye grøne jobbar i Vestland.  Prosjektet har kartlagt 250 prosjekt konsentrert i 16 industriklynger, og felles for desse prosjekta er at 83 prosent av dei treng kraft. Statnett har rekna ut at det berre i Bergensregionen er eit ønskje om 2 800 MW nytt forbruk frå innmeldte prosjekt fram mot 2030. Denne straumen har me ikkje i dag, og slik går me glipp av nye industrietableringar. Prosjekta i Bergensregionen er av største nasjonale verdi, og dermed forseinkast det grøne skiftet i heile Noreg, om det ikkje kjem ein rask auke i nettkapasiteten her!  

Betring på trappene? 

Den utfordrande kraftnettsituasjonen i Vestland er blitt ei nasjonal sak, og gledeleg nok sporast det ei viss rørsle i rett retning. Naudsignalet er fanga opp, og det vil verta noko meir kraft tilgjengeleg i 2024. Saka er på den nasjonale agendaen, og det er nemnt i Hurdalsplattforma. Spørsmålet er likevel om det er nok.  

Både Statnett og NVE har gjort grep som me håpar fører at det blir noko enklare å få store mengder kraft i 2024. Det er til dømes sendt konsesjonssøknad for Øygardskabelen, noko som eigentleg ikkje skulle gjerast før i 2022. Me håpar at NVE snarast finn sakshandsamarar til dei to viktige utbetringstiltaka nytt kabelpar over Fensfjorden og ny trafo på Mongstad. Begge desse tiltaka vil gje meir straum tilgjengeleg i 2024, men dei løyser ikkje den største utfordringa raskt nok!  

Fakta er at det trengst ytterlegare tiltak for Vestland, og dermed Noreg, si framdrift i det grøne skiftet. Regionen har kompetanse, og me har dei store verksemdene som kan konvertera kompetansen frå olje og gass til nye næringar. Det er no når me skal ta industrien tilbake frå Nordsjøen og inn på land, at me treng store mengder kraft for å byggja batterifabrikkar, laga blå og grøn hydrogen eller ammoniakk, som skipa våre treng i framtida.   

Statlege flaskehalsar 

Skal me få dette til, må me ha endå meir støtte frå dei viktige statlege selskapa NVE og Statnett. Det er dei som sit på løysingane for å få dette til i regionen. Sjølv om NVE no får fleire folk, vil dagens flaskehals med lange behandlingstider gjelda i lang tid framover. Å få bukt med køen, må være jobb nummer ein for NVE, slik at konsesjonssøknader blir behandla raskare. Regjeringa bør påleggja NVE maksimal tidsfrist på til dømes 10 veker før saker vert sendt vidare, og det bør vurderast same tidsfrist også for Olje- og energidepartementet si eiga handsaming av kraftkonsesjonar. 

Den endelege løysinga er ny linje frå Modalen eller Samnanger til Kollsnes. Statnett sine planar for denne linja er ferdigstilling innan 2030. Dette må framskundast med eitt eller helst to år, slik at ho kan stå ferdig i 2028. Noreg risikerer å mista dei største prosjekta knytt opp mot framtidas verdikjedar og det grøne skiftet. Difor må auke av kapasitet til Mongstad-/Kollsnesområdet på plass i ekspressfart. Olje- og energidepartementet må straks gje Statnett klarsignal til å starta på konsesjonssøknad for ny linje til Kollsnes.   

Vidare må det snarast startast ein planprosess for å for å betra nettkapasiteten i Årdal, Odda og andre viktige industriklynger i Vestland, der planlagt forbruk vil vera større enn tilgjengeleg nettkapasitet i 2030. 

Denne hausten har vist oss alle at elektrisk energi er ein kritisk faktor for framdrifta i det grøne skiftet. Vestland er Noregs største vareeksportfylke, og det er avgjerande for Noreg at Vestland lukkast. Dette understreka statsminister Jonas Gahr Støre, seinast på Øygardskonferansen i haust. Men, kraftnettet i Vestland fylke er ikkje dimensjonert for det grøne skiftet i dag. Dette hastar det for regjeringa å løysa. Rapporten som me no har i hendene syner dette klart. Me er klare til å skaffa landet nye arbeidsplassar, verdiskaping og eksportverdiar framfor at det skjer utanlands. 

Nyttårsmøtet 2022

Kraftsituasjonen i fylket blir eitt av fleire aktuelle tema på fylkesordføraren sitt digitale nyttårsmøte som finn stad måndag 10. januar klokka 12.00 – 16.00. Her kan du få med deg spennande innlegg om korleis vi kan skape grøn vekst i heile fylket, samt korleis vi kan sikre rett kompetanse til arbeidslivet i Vestland i åra som kjem. Grunna smittesituasjonen er årets møte digitalt. Lenke til streaminga blir lagt ut her på vestlandfylke.no.

Kart.
Kartet viser den vanskelege kraftsituasjonen i Vestland. I dei raude sonene er det ingen kapasitet til nytt stort forbruk. Illustrasjon: EY