Voss gymnas vil ha landsline for toppidrett
– Voss er eit sentrum for skiaktivitetar i landet og har fostra mange toppidrettsutøvarar, seier utvalsleiar Åsmund Berthelsen etter at hovudutval for opplæring og kompetanse støttar søknad frå Voss gymnas om å opprette landsline i toppidrett for skiidrettar. Går alt etter planen kan tilbodet starte skuleåret 2023/24.

Voss gymnas har i dag tilbod innan toppidrett i samarbeid med Olympiatoppen, region vest. Dette tilbodet ønskjer skulen å utvide til søkjarar ikkje berre frå Vestland fylke, men frå heile landet.
Styrka tilbod
– Vi støttar denne utvidinga av tilbodet på Voss. Eit landslinetilbod vil medføre at skulen får fleire utøvarar på same nivå og som deltek i same renn- og treningsprogram. Dette vil styrke tilbodet ved skulen og føre til at vi kan få fleire utøvarar på toppnivå, seier fungerande leiar Åsmund Berthelsen.
Voss gymnas har i mange år hatt idrettsfaglege tilbod, og toppidrett sidan skuleåret 2006/2007. Dette tilbodet omfattar skiidrettane langrenn, skiskyting, alpint, freestyle, friski og snøbrett.
Samarbeid
Satsinga på toppidrett ski på Voss gymnas kom i stand som eit resultat av eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Olympiatoppen, region vest. Føremålet var å gje dei beste og mest talentfulle unge idrettsutøvarane eit tilbod i fylkeskommunal regi. Før dette hadde dei etablerte toppidrettstilboda i landet vore i privat regi, og retta mot bestemte idrettar.
Attraktivt
Voss ligg sentralt i Sør-Noreg. Voss gymnas vil kunne vere eit attraktivt alternativ også for elevar utanom fylket, som driv med vintersport på toppnivå. Etter nedlegging av landslinetilbodet i alpint på Hovden, er Oppdal næraste offentlege skule med alpin satsing. Skikretsane i Rogaland og Agder støtter spesielt opp om eit tilbod innan alpint på Voss for deira ungdommar. Tilbodet vil også inkludere parautøvarar innan vinteridrettane.
Ikkje konkurrere
Vestland fylkeskommune har i dag ei landsline ved Stryn vidaregåande skule innan skiskyting. Landslina på Voss gymnas skal ikkje konkurrere med tilbodet i Stryn. Ei landsline på Voss vil vere eit attraktivt offentleg tilbod for særleg Sør-Noreg som har langt færre tilbod innan idrett enn Midt- og Nord-Noreg.
Etter vedtaket i hovudutvalet, skal fylkesdirektør for opplæring og kompetanse førebu søknad om landsline. Alle fylkeskommunane i landet må gje tilslutnad om den skal bli oppretta. Til slutt skal Utdanningsdirektoratet avgjere søknaden. Går alt etter planen, kan landslinetilbodet starte i august 2023.