Vil hjelpe destinasjonsselskapa i 2022

Hovudutval for næring deler ut fem millionar kroner til destinasjonsselskapa sitt arbeid i 2022. Midlane skal støtte destinasjonsselskapa gjennom ein utfordrande periode og bidra til omstillingsarbeid for eit meir berekraftig reiseliv.

MILLIONSTØTTE: Reiselivet i Vestland får millionstøtte. Foto: Vestland fylkeskommune
MILLIONSTØTTE: Reiselivet i Vestland får millionstøtte. Foto: Vestland fylkeskommune

Hovudutval for næring har vedtatt at midlar frå overskotsdisponering 2020 skal brukast til ein tiltakspakke for reiselivet i 2022. Støtta til destinasjonsselskapa utgjer ein del av denne tiltakspakken og skal bidra til å støtte arbeidet deira gjennom ein utfordrande periode. På hovudutvalsmøte 10. desember vart fordelinga av midlane til destinasjonsselskapa vedtatt.

Ei krevjande tid for reiselivet

Pandemien har skapt ei rekke utfordringar for reiselivsnæringa. Store endringar i kundegrunnlaget er alvorleg, men det er også utfordringar knytt til rekruttering.

Leiar i hovudutval for næring, Tor André Ljosland er glad for å kunne strekke ut ei hand til reiselivsnæringa i denne krevjande tida.

– Reiselivsnæringa er framleis i ein krevjande situasjon som følgje av koronapandemien. For reiselivsbedriftene i fylket vil også 2022 bli eit svært utfordrande år. Tilbakemeldingar frå næringa stadfestar at eigenkapitalen i stor grad er borte. Sjølv om fleire har hatt meir aktivitet i sommarsesongen 2021, er sesongen svært avkorta og kan ikkje samanliknast med eit normalår. Det er også stor uvisse knytt til korleis situasjonen vil utvikle seg framover med tanke på nye tiltak og restriksjonar. Det er difor behov for ekstra midlar som kan bidra til at næringa kjem seg betre igjennom denne utfordrande perioden, og kan arbeide med omstilling inn mot eit meir berekraftig reiseliv, seier Ljosland.

Fylkeskommunen har også bidrege med tiltakspakkar for reiselivet i 2020 og 2021.

Destinasjonsselskapa er viktige

Destinasjonsselskapa har hatt ei viktig rolle i å bidra til at reiselivsbedrifter i fylket har klart seg gjennom pandemien fram til no. Dei har vore viktige støttespelarar og gitt råd til bedrifter som har måtte tenke nytt kring drifta si. I tillegg har dei vore viktige marknadsføringsaktørar.

– Også for destinasjonsselskapa er den økonomiske situasjonen utfordrande under pandemien. Støtte frå fylkeskommunen har vore viktig for å oppretthalde aktiviteten og vi veit at det blir særs viktig også i tida som kjem. Ved å bidra med midlar ønsker fylkeskommunen at destinasjonsselskapa kan halde fram med det viktige arbeidet dei gjer for reiselivet i Vestland, seier Ljosland.

Dette er støttebeløpa som vert gitt til dei ulike destinasjonsselskapa i 2022:

  • Visit Bergen 1,45 mill. kr
  • Visit Fjordkysten 0,40 mill. kr
  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland 0,45 mill. kr
  • Visit Hardangerfjord 0,55 mill. kr
  • Visit Voss 0,50 mill. kr
  • Visit Sognefjord 0,70 mill. kr
  • Sunnfjord Utvikling 0,35 mill. kr
  • Visit Nordfjord 0,60 mill. kr