Vidarefører godsbåten til Gulen, Solund, Hyllestad og Askvoll

– Dette er til det beste for innbyggarane, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har vedteke å vidareføre godsbåten mellom Bergen og Gulen, Solund, Hyllestad og Askvoll med tre rundturar i veka.

VEGLAUS: Lågøy er ein av dei veglause stadene langs vestlandskysten som framleis skal få godsbåtrute. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
VEGLAUS: Lågøy er ein av dei veglause stadene langs vestlandskysten som framleis skal få godsbåtrute. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

I mange år har innbyggarane i dei fire kommunane hatt tilbod om godsbåt. Noverande ruteperiode går ut 30. april neste år. Fylkesutvalet var samrøystes i å vidareføre tilbodet.

Samfunnsnyttig

– Vi har fått tilbakemeldingar frå kommunane om at dette godstilbodet er svært viktig, og det er eit sterkt ønskje om å vidareføre det. Vi meiner dette er eit samfunnsnyttig, effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg tilbod som fremjar regional utvikling. Dette båttilbodet blir truleg rimelegare enn å gje eit avgrensa lokalt godsbåttilbod, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Løyser dei fleste transportbehova

Godsbåten løyser dei fleste transportbehova på dei ulike stadene, og leverer og hentar varer i Bergen og 14 definerte stoppestadar. I tillegg får stadar som ikkje ligg i ruteplanen, men som ligg i nærleiken av ruta stopp inntil to dagar pr. veke. Det å ha eit system for levering av gods, blir opplevd som særleg viktig for alle dei som bur på veglause stadar.

Fraktar 2000 tonn årleg

Båten leverer mellom anna daglegvarer, kjølevarer, fersk fisk, gass, dyr, mjøl, bilar og frysevarer. Båten fraktar i underkant av 2000 tonn årleg, og inntektene som operatør beheld, har variert mellom 3,2 millionar kroner pr. år og ned til nivået i dag på om lag 2,4 mill. kroner pr. år. I tillegg betalar fylkeskommunen 3,7 millionar kroner årleg for drift av godsbåten.