Vestland viser veg for DKS-samarbeid

– Dette vil heilt sikkert kunne vere til inspirasjon for andre fylkeskommunar, seier direktør Øystein Strand i Kulturtanken om korleis opplærings- og kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune jobbar med Den kulturelle skulesekken (DKS).

INSPIRASJON: Vi veit at samarbeid på tvers av sektorar har mykje å seie for at DKS-ordninga skal fungere optimalt, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken. foto: Erik Fosheim Brandsborg
INSPIRASJON: Vi veit at samarbeid på tvers av sektorar har mykje å seie for at DKS-ordninga skal fungere optimalt, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken. foto: Erik Fosheim Brandsborg

Strand deltok på Skulemiljøkonferansen tidlegare i november. Han let seg imponere over at DKS fekk stå stor plass på ein konferanse om danning, utdanning og læringsmiljø. 

– Det er veldig bra at Vestland fylkeskommune løftar fram DKS som eit sentralt tema på ei samling som dette. Vi veit at samarbeid på tvers av sektorar har mykje å seie for at DKS-ordninga skal fungere optimalt, og det var inspirerande å sjå engasjementet for DKS frå skuleleiarar og elevar desse dagane, seier Strand.

Overordna mål treff kvarandre 

Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring, meiner det er naturleg at DKS fekk ein så stor del av skulemiljøkonferansen, som samla til saman rundt 250 rektorar og elevrepresentantar i Bergen og på Skei.  

– Kunst er ekstremt viktig for at skulen skal nå dei overordna måla i læreplanen – danningsbiten. Då må kunst vere i førarsete, seier han. 

Lærar Anders Fitje ved Firda vidaregåande skule synte korleis dei overordna måla i læreplanen treff dei nasjonale måla til DKS-ordninga svært godt. Han tok den raude tråden frå måla inn i klasseromma, auditoria, gymsalane og kulturhusa. Fitje peikte også på viktige føresetnadar for å oppfylle måla og lage eit tilbod som elevane oppleverer som meiningsfylt og engasjerande.

Eit samarbeid om den kulturelle skulesekken mellom kultur og skulesida blir opplevd som positivt og konstruktivt frå begge partar, seier Øyvind Sunde Høstaker i Den kulturelle skulesekken. Foto: Solfrid Bygstad
Eit samarbeid om den kulturelle skulesekken mellom kultur og skulesida blir opplevd som positivt og konstruktivt frå begge partar, seier Øyvind Sunde Høstaker i Den kulturelle skulesekken. Foto: Solfrid Bygstad

Store moglegheiter i samarbeid 

DKS Vestland hadde sydd saman eit program som kunne vise korleis DKS kan forsterke intensjonen i den overordna delen i skulen og den nye læreplanen.  

– Å bli invitert til skulemiljøkonferansen gav oss i DKS eit optimalt høve til dialog med skulane og opplæringsavdelinga. Vi fekk presentert oss for rektorane og fekk utfordra elevane til å engasjere seg. Vi ville vise kva moglegheiter som er der om vi samarbeider og får ein best mogleg symbiose mellom kunst og kultur og skulen, seier Øyvind Sunde Høstaker i DKS.  

Opplæring med å avgjere programmet 

Når neste års DKS-program skal fastsetjast er opplæringsavdelinga involvert i arbeidet i form av ei arbeidsgruppe med områdeleiarane for dei vidaregåande skulane. 

– Det er første gong vi gjer dette, men eg trur uansett resultatet blir betre fordi skulen trass alt får ei stemme. DKS er eigentleg skulen sitt kulturtilbod. Ein må halde seg til det, og til at tilbodet skjer innanfor nokre rammer på skulen, fortel Høstaker. 

Han er glad for å vise fram eit fungerande samarbeid og vil gjerne inspirere andre.  

– Det er fantastisk dersom vi kan vise andre DKS-administrasjonar og fylkeskommunar at dette kan fungere, og at eit slikt samarbeid blir opplevd som positivt og konstruktivt frå både skulesida og kultursida, avsluttar han.