Vann fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter
– Vi hadde håp om å gjere det bra, seier Liam Østvik, dagleg leiar i Behold UB, som gikk heilt til topps i fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i Vestland.

Behold UB ved Amalie Skram videregående skole gjenvinner gamle bukser som PC-mapper. Juryen seier dei er kreative, tenker heilskapeleg og tek omsyn til berekraft. Dei samarbeider og promoterer seg godt. Dei fem elevane, som går på vg2, studiespesialisering, har fått gullbillett og skal delta i NM 29. april. Dei er: August Vide, Mathea Møklebust, Emma Løvaas, Liam Østvik og Nicolai Haukedal.
Lærerikt
– Dette har vore utruleg lærerikt. Vi starta ei ekte bedrift. Det har vore veldig spennande å vere med på heile prosessen frå start til slutt. Vi har lagt ned mykje arbeid. Ideen fekk vi av at pc-mapper er ganske kjedelege og så har vi mange bukser som blir gamle og går ut av bruk. Vi tenkte på gjenvinning og at buksene kunne brukast til noko nyttig. Vi tek i mot dei gamle buksene, klipper dei til og leverer dei til Nordnes Verksteder som syr dei om til PC-mappe som kunden får igjen, fortel Liam Østvik.

Til NM i april
Fylkesmeisterskapen i år var digital. Det blir og NM i april, men på Amalie Skram videregående skule hadde ungdomsbedriftene interne stands.
– Ungdomsbedriftene i år er utruleg flinke med gode idear og gøye opplegg. Det var veldig hard konkurranse. At vi vart best, var ganske utruleg. Eg trur vi har ein sjanse NM. Nivået der er høgt, men vi satsar på god utføring, at vi gjer det bra og når måla vi har sett.
Dette er ikkje det første året at elevar ved Amalie Skram videregående skole gjer det så bra. Ingrid Stensnes, fagansvarleg for vidaregåande skular, seier skulen har heilt supre lærarar og eit veldig godt ungdomsbedriftmiljø.

98 ungdomsbedrifter deltok
Over 1000 elevar i dei vidaregåande skulane i fylket har delteke i ungdomsbedrifter dette skuleåret. I fylkesmeisterskapen var 98 ungdomsbedrifter og rundt 600 elevar med.
Over 20 ungdomsbedrifter i Vestland fylke går vidare til NM i dei ulike klassane. Det er alle 1. og 2. plassvinnarane i dei nasjonale klassane.