Unge engasjerer seg i kampen mot forsøpling

– Vi unge må gå foran og ta ansvar for at vi ikkje forsøplar, seier Thea Bohne og Herman Andreassen, elevar på vg1 ved Askøy vidaregåande skule. 1800 elevar i Vestland skal i to veker delta i Plastutfordringen, som har som mål å redusere forbruket av plast og hindre at plast blir kasta i naturen.

TAR ANSVAR: Ikkje kast klede, men bytt dei, er oppmodinga frå elevane ved Måløy vidaregåande skule. (foto: Måløy vgs).
TAR ANSVAR: Ikkje kast klede, men bytt dei, er oppmodinga frå elevane ved Måløy vidaregåande skule. (foto: Måløy vgs).

– For å kunne redusere forbruket av plast, må vi bli bevisset på kor farleg plast er. Når plast hamnar i naturen og havet, blir det liggande. Det rotnar ikkje. Mange dyr trur det er mat og fyller opp magen med plast. Vi var på filmfestivalen BIFF og såg ein film om selar som har ete plast og arbeidet med korleis plasten vart fjerna frå magen. Det gjorde vondt i kroppen å sjå kva plasten gjer med dyr. Det var ikkje alle selane som overlevde den operasjonen. Det er våre handlingar som gjer at dyra ikkje har det bra, seier dei to elevane.

Elevar ved Askøy vgs i klasserom.
– Vi må leite etter andre produkt som kan erstatte plast, seier Thea Bohne og Herman Andreassen på vg1 ved Askøy vidaregåande skule. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

12 vidaregåande skular

Elevar ved 12 vidaregåande skular i Vestland på 83 lag deltar i Plastutfordringen som blir skipa til av Fremtiden i våre hender, i samarbeid med nettstaden ducky.no.

– På nettstaden skal vi kvar dag loggføre ulike aktivitetar som har med plast og klima å gjere. Vi skal krysse av på dei tiltaka vi gjer. Vi er to klassar her på Askøy som konkurrerer mot kvarandre. Det å konkurrere er viktig for oss. Vi har som mål å gjere det betre enn B-klassen. Vi hatar på tape, seier Thea Bohne og Herman Andreassen.

Elevar ved Askøy vgs i klasserom.
NEI TIL PLAST: Elevar på vg1 ved Askøy vidaregåande skule skal redusere forbruket av plast: Harald Valdersnes (f.v.), Wilma Fromreide, Thea Bohne og lærar Tore Hovland. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Mange ulike aktivitetar

Aktivitetane er alle former for å redusere forbruket av plast, som ikkje bruke plastposer, ikkje bruke plastemballasje, ikkje kaste plast i naturen, men levere til gjenvinning, og aktivitetar som å gå eller sykle og reise kollektivt.

– Vi skal gjere alle dei gode vala og kutta ut plast. Vi spør oss òg på om det er mogeleg å unngå all bruk av plast og at vi kan greie oss heilt utan. Men det kan vere vanskeleg å svare på. Vi må leite etter andre produkt som kan erstatte plast. Heile verda må jobbe saman og vere med på å gjere ein forskjell. Vi må stoppe opp, tenke, bruke hjernen og spørre oss. Treng vi alt vi kjøper? Etter dette vil vi alltid vere klar over faren med plast og prøve å gjere så godt vi kan for at plast ikkje lenger skal vere eit problem, seier Thea Bohne og Herman Andreassen.

Elevar ved Måløy vidaregåande skule har hatt klesbyttefest som eit klima- og miljøtiltak. (foto: Måløy vgs).
Elevar ved Måløy vidaregåande skule har hatt klesbyttefest som eit klima- og miljøtiltak. (foto: Måløy vgs).

Klesbyttefest

Ved Måløy vidaregåande skule deltek ein klasse med 15 elevar på vg2 i Plastutfordringen. Kontaktlærar Bente Olseth fortel at elevane, som har marknadsføring, har gjort litt ekstra.

– Dei har laga til ein klesbyttefest, oppretta ein TikTok-konto med ulike filmar, hengt opp ekstra plakatar rundt søppelkassene og i kantina. Dei har og teke initiativ til at kantina skal bruka anna emballasje enn plast ved salatbaren, seier Olseth.

Slike plakatar er hengt opp på Måløy vidaregåande skule. (foto: Måløy vgs.).
Slike plakatar er hengt opp på Måløy vidaregåande skule. (foto: Måløy vgs.).

Endre haldningar

Fylkesvaraordførar Natalia Golis er stolt over engasjementet til elevane.

– Det er viktig at dei unge får høve til å engasjere seg og ser at sine handlingar faktisk betyr noko. Å handle sjølv endrar haldningar og skapar ringverknader i familiane, på skulen og i lokalsamfunnet. Alle tiltak samla bidrar til at vi blir plastsmarte og unngå at meir plast på avvege hamnar i Vestlandsnaturen og i havet, seier Natalia Golis.

368 millionar tonn plast

Naturfaglærar Tore Hovland gjennomfører eit undervisingsopplegg desse to vekene om faren med plast.

– Det blir produsert 368 millionar tonn plast kvart år. Åtte millionar tonn plast hamnar årleg i havet. Vi skal bli meir bevisste på bruken av plast og kva vi kan erstatte plast med. Vi deltok på aksjonen for to år sidan. Då reduserte deltakarane i Noreg bruken av plastflasker med 54 prosent og plastposer med 34 prosent. Og vi plukka opp 6800 tonn plast frå naturen. Hadde alle i landet gjort det same, hadde vi vore på god veg mot eit plastfritt samfunn.

Klimaengasjement

Hovland meiner det nyttar å bevisstgjere dei unge.

– Dei unge bryr seg meir om dette enn vaksne. Klimarapporten til FN og engasjementet til Greta Thunberg var ein vekkar. Klimaendringane som vi menneske sannsynlegvis er årsak til, har starta klimaengasjementet. Det er rimeleg at kvar enkelt av oss gjer noko med det. Vi håpar at det dei unge lærer, skal sitte og at dei tek med seg dei gode haldningane vidare i livet, seier naturfaglærar Tore Hovland.