Undersøker habilitet
Vestland fylkeskommune vart denne veka kjent med at leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse er i ein nær personleg relasjon med ein seksjonsleiar i avdeling for opplæring og kompetanse. Relasjonen kan ha verknad for begge partar sin habilitet i førebuing og handsaming av aktuelle politiske saker.

Fylkeskommunen har engasjert advokatfirmaet Thommessen til å gjere ei forundersøking av alle saker som er lagt fram for politisk handsaming i regi av seksjon for kvalitet i opplæringa i perioden frå 1. januar 2020 og fram til i dag. Forundersøkinga vil ta utgangspunkt i reglane om habilitet i forvaltningslova i tilfelle der ein administrativt tilsett har ein relasjon til ein folkevald, som seinare handsamar og/eller gjer vedtak i saka. I forundersøkinga vil ein vidare vurdere kor vidt dei vedtaka som hovudutvalet har gjort, er gyldige. Det er venta at denne gjennomgangen vil ta ca. 14 dagar.
Fråtrer under forundersøkinga
Karianne Alette Torvanger har søkt om fritak for sitt politiske verv som leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse i perioden undersøkinga vert gjennomført. Kenth Rune Teigen Måren, som leiar seksjon for kvalitet i opplæringa, er i same periode tillagt andre oppgåver i opplæringsavdelinga.
Opptekne av høg etisk standard
– Som ein sentral offentleg aktør er det særs viktig at fylkeskommunen har høg etisk standard i alt vi seier og gjer. Innbyggjarane skal vere trygge på at all sakshandsaming skjer i tråd med god forvaltingsskikk. Difor er det nødvendig å få kartlagt fakta, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Avhengige av tillit og legitimitet
Fylkesrådmann Rune Haugsdal deler Askeland si tilnærming:
– Vi utfører samfunnsoppdraget vårt på vegner av fellesskapet og er avhengige av tillit og legitimitet. Etter ei sak om habilitet i fylkeskommunen for kort tid sidan, har vi intensivert opplæringa i sentrale lover og dei etiske retningslinjene våre. Vi vil halde fram med å ha merksemd på dette for å sikre at samfunnsoppdraget vert utført på ein open, forsvarleg og tillitsfull måte i tråd med regelverket, understrekar Haugsdal.