Tiltak for 32,9 mill. kr skal hjelpe barn og unge

– Mange barn og unge har hatt ei svært krevjande tid det siste året. Difor ønskjer vi å hjelpe dei som treng det mest, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet tilrår å løyve 32,9 millionar kroner til ulike hjelpetiltak. Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak.

EIT KREVJANDE ÅR: Eitt av tiltaka er å opne skulane om ettermiddagane.
(illustrasjonsfoto)
EIT KREVJANDE ÅR: Eitt av tiltaka er å opne skulane om ettermiddagane. (illustrasjonsfoto)

Til å motverke dei psykososiale negative effektane av koronapandemien for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, tilrår fylkesutvalet å avsette 20 millionar kroner. I tillegg skal 12,9 millionar kroner gå til å redusere talet på elevar med «ikkje vurdert» eller stryk.

I dialog med hovudutval for opplæring og kompetanse er fylkesrådmannen tilrådd å få fullmakt til å disponere alle midlane. Pengane blir tatt frå overskotet på fylkesreknskapen i fjor. Dessutan viser rekneskapen for opplæringssektoren at dei har hatt eit mindreforbruk på 47 millionar kroner. Ein stor del av dette kjem av koronapandemien.

Fellesskapet må stille opp

Fylkesordføraren understrekar at det er viktig å hjelpe dei unge som har behov for det.

– No er det er viktig at fellesskapet stiller opp for dei mest sårbare unge. Fylkeskommunen må ta eit særleg ansvar for dei. Smitteverntiltaka har lagt avgrensinger på sosial omgang og fritidsaktivitetar. Bruk av digital undervising heime, har til tider vore utbreidt. Vi vil difor vurdere ekstra tiltak som kan gi eit løft for ungdommane med størst behov, seier Askeland.

Fylkesutvalet viser til Helse Vest som melder om eit aukande tal barn og unge som lir av depresjon, håplausheit, eteforstyrringar og sjølvskading. 

Ekstra tiltak

Fylkesutvalet vil gje fylkesrådmannen i oppgåve å vurdere ekstra tiltak for dei unge. Dette kan til dømes bli kanalisert gjennom produksjonsskulane, skulepsykologane, miljøarbeidarar, Røde Kors eller andre tiltak som høver for å nå fram til ungdommane. 

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, meiner det er viktig å hjelpe elevar med behov for det.

– Nokre skular i Vestland har hatt mange periodar med raudt driftsnivå og skulestenging. Elevane på desse skulane har hatt digital heimeskule i lange periodar. Til desse elevgruppene må det rettast særlege tiltak for å styrke psykisk helse og læring, understrekar Bjørn Lyngedal.

Sosiale møteplassar

Fylkesutvalet meiner det er viktig å setje i verk tiltak som styrker tilgangen elevane har til sosiale møteplassar og oppfølging for å betre den psykiske helsa. Etter samråd med rettleiingstenestene og rektorane er følgjande tiltak vurdert å bli sette i verk så raskt som mogleg for elevar og lærlingar:

  • Open skule på ettermiddagar
  • Ulike aktivitetar på skulene
  • Leksehjelp
  • Webinar om psykisk helse til dei tilsette i skulane
  • Webinar om psykisk helse til lærebedrifter og opplæringskontor
  • Webinar om psykisk helse som kan nyttast i samband med foreldremøte
  • Støttetelefon for elevar og lærlingar som treng nokonå snakke med
  • Tett oppfølging av elevar og lærlingar frå rettleiingstenestene og skulane
  • Samarbeid med frivillige organisasjonar om ulike aktivitetar og tiltak

Fylkestinget skal avgjere saka 9. og 10. mars.