Ti år sidan 22. juli 2011: – Det er nødvendig å minnast

Vi må minnast for ikkje å gløyme, seier fylkesordførar Jon Askeland. I morgon meiner han vi må minnast både sjølve tragedien og verdiane som var under angrep.

UTØYA: Det er ti år sidan terroren råka Utøya. Fleire av dei drepne kom frå Vestland. Foto: Shutterstock.
UTØYA: Det er ti år sidan terroren råka Utøya. Fleire av dei drepne kom frå Vestland. Foto: Shutterstock.

Fylkesordførar Jon Askeland er oppteken av at vi må minnast både sjølve tragedien og verdiane som var under angrep 22. juli 2011.

Det er ti år sidan terroren råka regjeringskvartalet og Utøya.

– Som samfunn må vi lære oss å leve med sorga, men det er aldri enkelt. Det er som å rive av eit plaster, og minna og kjenslene kjem tett på. Men vi må minnast for ikkje å gløyme, seier fylkesordføraren.

22. juli deltek han på minnegudsteneste i Bergen Domkirke og på minnekonserten på Verftet same kveld.

– Det vondaste kapittelet

Det vert ei rekke arrangement over heile landet for å markere at det er ti år sidan dei verste terrorhandlingane i Noreg etter andre verdskrig. Til saman vart 77 menneske drepne i angrepa, og mange vart hardt skada.

– Dette er det vondaste kapittelet i den nyare historia vår, og det er nødvendig å minnast både dei vi mista, men også dei verdiane som var under angrep, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Askeland er særleg oppteken av at politikarar og andre må ha med seg det som skjedde i valkampen før stortingsvalet i september.

– Det er ekstra viktig å minnast og markere verdiane som bitt oss saman når vi no går inn i ein valkamp, der vi skal drøfta kven vi er som samfunn, og kvar vi skal. Då er det heilt grunnleggjande at alle skal vere trygge i utøvinga av samfunnsengasjementet sitt, slår han fast.

Vestland hardt råka

Arbeidarpartiet og AUF-ungdomsleiren på Utøya var eitt av måla for terroristen. 69 menneske blei drepne på øya, fleire av dei var ungdomspolitikarar frå Vestland. Anne Gine Hestetun er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget:

– Det er ingen tvil om at tragedien på Utøya har prega Arbeiderpartiet, sjølv om me har lært oss å leva med det. Vestland vart hardt råka. Eg er full av respekt for alle våre ungdommar som står fjellstøtt i arbeidet for demokrati og fellesskap, seier ho.

Hestetun legg til at ti år vert markert på ulikt vis, men at vi aldri må gløyma.

– Nye generasjonar må kjenne historia

– Eg er opptatt av formidling. Nye generasjonar må kjenna historia og sårbarheita og forstå at vi må verna om verdiane våre, seier Hestetun som også har vitja Utøya i ettertid av terrorhandlinga.

– Det var sterkt. Sterkt å oppleva historia fortalt av ungdommar som hadde opplevd dei forferdelege timane 22. juli 2011. Sterkt å oppleva at det store engasjementet var tydlegare enn nokon gong.

Sjølv var ho på Rhodos på dagen då terroren skjedde.

– Eg hugsar stillheita, sorga og redselen. Det norske flagget vart fira på halv stang over alt. Det var sårt og sterkt. Eg gløymer det aldri.

Minneplakett på Bergen Katedralskole

I august skal det avdukast ein plakett på Bergen Katedralskole til minne om dei i Vestland fylke som vart drepne i terrorangrepet på Utøya. Det vil bli ei markering der mellom anna pårørande, representantar frå Arbeiderpartiet og fylkesordførar Jon Askeland skal delta.