Støttar visningssenter for havnæringa og satsing på frukt og bær

Fellespakkeri for frukt og bær, visningssenter for havnasjonen Noreg og redusert klimaavtrykk i vestlandsjordbruket. Dette er tema for nokre av prosjekta som no deler ein pott på 10 millionar.

Mann ved traktor som ber ein kasse med frukt.
SATSAR PÅ FRUKT OG BÆR: Innvik Fruktlager får 3,5 millionar til fellespakkeri for frukt og bær i Nordfjord, mens 2,25 millionar går til eit samlande prosjekt som skal jobbe for vekst innan næringa. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.

Dette er overskotsmidlar frå 2020 som fylkeskommunen har vedtatt å dele ut til næringsutvikling.

- Eg er svært nøgd med at Vestland fylke igjen kan bidra med tildelingar til viktige prosjekt. I denne omgang blei det rom for fleire ulike prosjekt innanfor landbruket. Fylkeskommunen har mange søknadsordningar, men frå tid til anna kjem det søknader som ikkje er ruta inn mot dei etablerte søknadsordningane. Det er desse søknadane vi har vurdert i denne saka, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.


Fellespakkeri for frukt og bær

Fleire av prosjekta som no får midlar er relatert til landbruk. Eit av desse er Innvik Fruktlager som får 3,5 millionar til fellespakkeri for frukt og bær i Nordfjord. Fruktlageret treng å utvide for å kunne ta i mot det aukande fruktvolumet i åra framover. Vestland er den største regionen i landet innan produksjon av frukt og bær. Det er venta ei stor auke i etterspurnad etter frukt og grønt nasjonalt i åra framover. Som følgje av små bruk, er samarbeid om omsetjingsleddet ekstra viktig for å sikre økonomien til bøndene, både på kort og litt lenger sikt. Tildelinga føreset at det kjem støtte frå andre aktørar.

Skal gå saman for vekst i frukt og bær

Frukt og bær er også tema i eit anna prosjekt som no får 2,25 millionar kroner i støtte. Det handlar om at landbrukspartnerskapen skal løfte satsinga på frukt, bær og grønt i Vestland. Dette skal vere eit samlande prosjekt som skal jobbe for at Vestland tar sin del av veksten som er venta i frukt og grønt. Hovudutvalet løyver 2,25 millionar kroner og vil komme med ny politisk sak som skal konkretisere meir om arbeidet i prosjektet.

Skal redusere klimaavtrykket

Vestland bondelag får 600 000 kroner til eit prosjekt som skal arbeide for å redusere klimaavtrykket i jordbruket i Vestland. Dei har allereie gjennomført eit forprosjekt. Fylkeskommunen støttar no det første året i hovudprosjektet som skal vare i tre år. Prosjektet skal tilsette ein klimakoordinator som skal koordinere klimaarbeidet som rettar seg mot bonden og gardsdrifta hans. Vedkommande skal også bidra til å etablere og drifte ein klimaportal for vestlandsbonden der all informasjon om klimatilpassing og klimatiltak er tilgjengeleg og alle rådgjevingstilbod vert samla.


Visningssenter for havnæringa

Invest in Bergen får 450 000 kr til prosjektet «Ocean Innovation Showroom. Ei rekke aktørar innan havnæringane har gått saman om eit prosjekt som handlar om å lage eit visningssenter for havnasjonen Norge. Det nasjonale visningssenteret skal bidra til å styrke Noreg si rolle som havnasjon og Bergen som havbyen. Ønskje er å utvikle eit visningssenter som skal presentere berekraftige produkt, teknologiar og tenester innan havnæringane sjømat, energi og maritim, samt bidra til auka eksport og styrka forretningsmoglegheiter for norsk industri. Digitale visningsløysingar skal gjere senteret tilgjengeleg uavhengig av lokasjon. På denne måten skal interessentar over heile verda kunne sjå, oppleve og få informasjon om norske berekraftige løysingar innan havnæringane.


Slik blir overskotsmidlane fordelt

- Vestland bondelag, prosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket» - 600 000 kr

- Innvik Fruktlager, fellespakkeri for frukt og bær i Nordfjord - 3,5 mill. kr

- Prosjekt der landbrukspartnarskapen skal løfte satsinga på frukt, bær og grønt i Vestland - 2,25 mill. kr

- Invest in Bergen, «Ocean Innovation Showroom» - 450 000 kr.

- Stad kommune, prosjektet «Ringverknadar Stad Skipstunnel» - 750 000 kr

- Fylkeskommunen set av midlar til marin satsing - 1,75 mill. kr

- Fylkeskommunen får også administrativ fullmakt til å disponere 500 000 kr til å støtte konferansar og 200 000 kr til støtte når det kjem inn søknader til mindre beløp