Støttar endringar i akvakulturregelverket

Fylkesutvalet støttar sikkerheitssone på 500 meter, samt forslaget om krav og plikter for vare- og tenesteleverandørar i aktivitetar som medfører risiko for at fisk rømmer frå akvakulturanlegg.

Matfiskeanlegg, ei open merd.
Illustrasjonsfoto fiskeoppdrett (Illustrasjonsfoto: Sølve Sondbø)

Det går fram i Vestland fylkeskommune sin høyringsuttale til dei føreslegne forskriftsendringane i akvakulturregelverket.

Ikkje inkludert i dag

Bakgrunnen er at komplekse og risikofylte operasjonar på akvakulturanlegg vert utført i eit samarbeid som involverer driftspersonell på anlegget og eksterne aktørar. Det er venta at bruken av vare- og tenesteprodusentar som deltek i aktivitetar knytt til akvakulturdrifta vil auke i framtida.

Regelverket som gjeld i dag har krav til innhaldet i risikovurderingane som vert utført av innehavar, når det gjeld bruk av legemidlar mot lakselus og plikt til å førebygge og avgrense rømming. Det er ikkje tilsvarande føresegner for vare- og tenesteprodusentar. Desse blir no inkludert i høyringsforslaget, noko fylkeskommunen er positiv til.

Positiv til endringane

Høyringsutkastet frå Fiskeridirektoratet inneheld ei rekkje forslag til forskriftsendringar i akvakulturregelverket.

- Vestland fylkeskommunen støttar framlegga som skal betre regelverk i driftsfasen for akvakultur. Vi forventar at dette blir rasjonelt for forvaltninga og næringa, samstundes som omsynet til miljø blir ivareteke gjennom krav i akvakulturdriftsforskrifta, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Sikkerheitssone på 500 meter

Fylkeskommunen støttar også forslaget om ei sikkerheitssone på 500 meter rundt akvakulturanlegg til havs. Sikkerheitssona rundt akvakulturanlegg er i dag 20 meter ferdselsforbod og 100 meter fiskeforbod. Det vil vere naudsynt med ei større sikkerheitssone med fiske- og ferdselsforbod ved akvakulturanlegg til havs enn for kystnære anlegg. Dette fordi fiske og ferdsel til havs går føre seg med større fartøy og kommersielle aktørar. På bakgrunn av dette risikobildet er det ikkje grunn til å ha andre avstandskrav ved akvakulturanlegga til havs enn det som gjeld for petroleumsinstallasjonar.

Høyringa omfattar og ei oppdatering av reglane om bruk og utslepp av legemidlar. Det er forslag om funksjonsbaserte reglar som vil gjelde for legemidlar generelt.

Grundigare prosess

- Vestland fylkeskommune forventar at regjeringa kjem tilbake med ein grundigare prosess for korleis havbruk til havs skal organiserast, og at det vert teke omsyn til dei regionale interessene. Temaet bør takast med i regjeringa sin nye havbruksstrategi som er under arbeid, seier Askeland.

Fylkeskommunen tilrår at det på sikt blir laga ei eiga tildelingsforskrift for havbruk til havs som omfattar fleire artar enn laks, og oppmodar om at fylkeskommunane som tildelingsstyresmakt vert tekne med i prosessen og får ei forskriftsfesta rolle i tildelingsprosessen.

Fylkesutvalet vedtok høyringsuttalen i møte 26. mars.

Vil du lese heile høyringsuttalen frå Vestland fylkeskommune? Sjå saksframlegget