Stort engasjement rundt fylket sin første transportplan

Engasjementet og kjenslene rundt samferdsle i Vestland kom sterkt fram då fylkeskommunen inviterte til tre høyringsmøte for Regional transportplan 2022-33.

mennesker i møtelokale ser rett frem
UTE PÅ HØYRING: Fylkesordførar Jon Askeland har fått mange gode innspel til Vestland sin første regionale transportplan. Foto: Ingvild Ramstad, Vestland fylkeskommune.

Vestland si første regionale transportplan er no ute på høyring, og blir vedtatt i desember.

Regional transportplan 2022-33 for Vestland (RTP) blir det øvste plandokumentet for samferdslesektoren i fylket og skal vedtakast i fylkestinget i desember 2021.

Planen vil legge føringar for prioriteringane innan sektoren framover, og er no på offentleg høyring med høyringsfrist 12. september.

Saman i kampen for fylkesveg

Fylkeskommunen har hatt tre møte i samband med høyring av planutkastet, på Skei, i Bergen og på Stord. Engasjementet frå lokalsamfunna viste klart kor viktig samferdsle er i fjordfylket.

– Vi har fire gangar så mykje fylkesveg som riksveg i landet, og Vestland har halvparten av tunnelane og dei rasfarlege vegane. Vi har ikkje nok midlar til å ruste opp alt og gjere det trygt, vi må prioritere, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Eg vil oppmode alle til å stå saman i kampen for fylkesvegane, om å få midlar nok til å utvikle fylket vårt vidare, for busetnad, næringsliv og trygg framkomst, seier han.

Samferdsle vekker kjensler

Rassikring og utkastet til prioriteringsliste for rassikringstiltak i fylket var eit stort tema på høyringsmøtet på Skei, der både tårer og sinne kom fram.

– Vegen til Arnafjorden har samanhengande rasfare i seks kilometer. I vår stoppa skulebussen med ungane våre framfor eit ras i vegen medan røyken enno stod av steinane. Vi ber om at rassikringsmidlane blir brukt der rasfaren er stor, seier Bjarne Engum i Arnafjord bygdelag.

Store endringar i reisemønsteret hos kollektivreisande gjer også at fylket må utvikle sektoren og tenke nytt når det gjeld teknologi og takst.

Reell problemstilling

Eit mål i RTP er å ha god standard på all fylkesveg, men fylkesordføraren bad òg om at ein må tenke «godt nok».

– Vi må tenke kvardagsløysingar og meir veg for pengane medan vi ventar på det som er betre, seier Askeland.

Rassikring sto også på agendaen i Bergen.

Samarbeidsrådet for Voss, Vik og Aurland stiller spørsmål om det er nokre stadar ein ikkje skal bu lenger, fordi problemstillinga med ras er høgst reell for mange i distriktet.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden i Nordhordland, oppmoda fylkeskommunen om å nytte seg av dispensasjonssøknadar:

- Innimellom kan ein vegskulder vere godt nok. Det er ikkje alle som treng fleire meter med gang- og sykkelveg.

Forventar ikkje gullstandard

Torgeir Næss i Hardangerrådet, er einig i fylkesordføraren og Totland sin tankegang om «godt nok». I tillegg peiker han på klimautfordringar, eit underfinansiert vegnett og at floka over Tokagjelet må løysast.

Anne Grethe Sandtorv frå Stord næringsråd hadde fokus på FN sitt berekraftsmål nummer 9 som handlar om innovasjon og infrastruktur.

- Desse tinga må vere på plass skal vi vere det største verdiskapingsfylket, seier ho.

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga, opna med ei kjærleikserklæring til fylkeskommunen.

- Vi er veldig glad i fylkeskommunen, eg håpar fylkeskommunen er glad i oss. Og det har eg grunn til å tru. Ullensvang er stor på industri, men har Noregs verste vegar. Kommunen er den mest rasutsette kommunen i Noreg. Den rekorden ønskjer vi å endra på, seier Aga.

- Vi forventar ikkje gullstandard, sjølv om vi bur langs gullfjorden. Jon, og alle andre, prioriter oss, ba han vidare.

Vedtak i desember

Både samferdslepolitikarar og fylkesadministrasjonen var til stades og noterte seg innspela i dei tre møta til det vidare arbeidet med planen. 

Etter høyringsfristen 12. september tek arbeidet til med å gå gjennom alle høyringsinnspela, både skriftlege og frå møta. Alle skriftlege innspel blir vurdert og presentert i ein høyringsrapport når det endelege utkastet til RTP blir lagt fram i november. Eit samandrag av høyringa der hovudtrekka blir lagt fram blir presentert for fylkespolitikarane i hovudutval for samferdsle 6. oktober. Vestland sin første regionale transportplan blir vedtatt i fylkestinget 15. desember 2021.