Stor-Bergen får seks ekstra klassar på yrkesfag

– Vi gjer ei stor satsing på den offentleg skulen for å imøtekoma elevane sine behov. No vil fleire elevar få gå på skule i eige inntaksområde og sleppe å flytte heimanfrå, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har vedteke å opprette inntil seks nye klassar på vg1 bygg- og anleggsteknikk og vg1 teknologi og industrifag i Stor-Bergen.

FLEIRE PÅ NÆRSKULE: Det blir fleire klassar på teknologi og industrifag, og bygg og anlegg. (foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
FLEIRE PÅ NÆRSKULE: Det blir fleire klassar på teknologi og industrifag, og bygg og anlegg. (foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune har innført ny inntaksmodell for vidaregåande skule. Den gjev elevane rett til å gå på ein nærskule. Men det er stor underdekking på elevplassar i yrkesfag i Stor-Bergen. Fylkestinget rettar dette opp med å bruke vel fire millionar kroner til å opprette dei seks klassane. 

Skal sleppe lang reiseveg

– Over fleire år har vi fått ei dreiing av elevar frå studiespesialisering og over på yrkesfag. Dette er positivt for både ungdommane og lærebedriftene, men samstundes skaper dette press på skulestrukturen. Vi vil difor strekke oss langt for å opprette nye klassar på yrkesfag for at færre ungdomar skal få lang reiseveg til skule utanfor nærområdet. Det er òg naudsynt å auke kapasiteten i desse utdanningsprogramma for å dekke behovet for kompetanse og arbeidskraft i arbeidslivet. Fylkeskommunen gjer no tidenes opprydding i utdanningstilbodet i Bergensområdet til beste for elevane, og eg håpar fullføringsprosenten skal auka, seier fylkesordførar Jon Askeland.

120 kan stå utan skuleplass

I Stor-Bergen er det i år 44 fleire primærsøkarar til vg1 yrkesfag enn i fjor. Ein prognose over inntaket komande skuleår, etter søknadsfristen 1. mars, viser at det framleis er 289 elevar med ungdomsrett til vg1 yrkesfag som ikkje har fått plass.

Erfaringsmessig vil alltid ein del elevar takke nei til skuleplassen dei får. Eit overslag, basert på tidlegare røynsler, syner at det vil vere om lag 120 søkarar utan tilbod om plass på yrkesfag i nærskuleområdet Stor-Bergen ved skulestart i august. Dei fleste av desse vil vere på teknologi og industrifag, og elektro og datateknologi.

Kan bli behov for fleire klassar

Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å opprette dei ekstra yrkesfagklassane i Stor-Bergen. Om det ikkje er nok med seks klassar, skal fylkesrådmannen vurdere om det kan bli behov for endå fleire klassar. Slik eventuell utviding skal skje i samspel med yrkesopplæringsnemnda, behov i arbeidslivet og tilgjengelege lærlingplassar. Løyvinga til klassane skal skje innanfor budsjettet til opplæringsavdelinga.