Skal vere med og forme framtidas havbruksnæring
Elisabeth Aune i avdeling for innovasjon og næringsutvikling er med i eit nytt nasjonalt utval som skal sjå på løyve i havbruksnæringa.
Utvalet vart oppnemnt av regjeringa i statsråd fredag 8. oktober. Aune representerer Vestland fylkeskommune og fylkeskommunal sektor. Dei andre medlemane i utvalet representerer i stor grad forsking, høgare utdanning og næringa.
Solid fagmiljø
– Dette seier noko om kompetansen vi har i Vestland fylkeskommune. Næringsavdelinga vår har eit solid fagmiljø innan akvakulturforvaltning, og det er kjekt at det blir lagt merke til frå sentralt hald. Vi gratulerer Elisabeth med oppnemninga i eit utval som kan påverke korleis havbruksnæringa kan utvikle seg framover, seier Bård Sandal, avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling.
Regjeringa la i juni i år fram havbruksstrategien «Et hav av muligheter». Her blir det slått fast at løyvesystemet i havbruksnæringa har blitt komplekst og fragmentert, og eitt tiltak for å bøte på dette er å setje ned eit utval for å gå gjennom systemet. Utforming og innretning på løyvesystemet er svært sentralt for rammevilkår og konkurransekraft i næringa.
Lærerikt og krevjande
Elisabeth Aune ser fram til å ta del i det viktige arbeidet.
– Det er veldig spennande å bli plukka ut til å vere med i dette utvalet. Vi har lenge sett at akvakulturregelverket og rammevilkåra ikkje har følgt med på veksten i næringa på mange område. No får fylkeskommunen høve til å spele ei aktiv rolle for å gjere det betre. Eg trur det kjem til å bli eit svært lærerikt, men også krevjande arbeid, seier ho.
Utvalet skal vurdere målsetnadane for løyvereguleringane, sjå heilskapen i systemet og korleis det kan tilpassast utfordringar i dag og i framtida. Det heile skal sjåast opp mot ønsket om vekst i havbruksproduksjonen. Utvalet blir leia av forskingsdirektør Linda Nøstbakken.
Mandat og samansetjing av utvalet kan du lese i pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.