Skal tenke nytt for å oppretthalde folketalet

– Vi har behov for å tenke nytt, seier fylkesordførar Jon Askeland, som er uroa over at det samla folketalet i 35 distriktskommunar i Vestland vil gå ned dei komande 20 åra.

NEDGANG: Folketalet vil gå ned i 35 av dei 43 kommunane i Vestland.
NEDGANG: Folketalet vil gå ned i 35 av dei 43 kommunane i Vestland.

Fylkesutvalet viser til at det samla folketalet i 35 av dei 43 kommunane i Vestland fylke kjem til å gå ned frå 214 000 i dag til mellom 207 000 og 211 000 innbyggarar i 2040. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett ned eit utval som skal sjå på tiltak for å motverke dette. Utvalet har lagt fram NOU 2020:15 som er sendt på høyring. Den har tittel: «Det handler om Norge – Bærekraft i hele landet – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene». 

Fylkesutvalet har vedteke høyringsvar til utgreiinga der dei støttar behovet for nytenking i distriktspolitikken. 

Samfunn i endring

– Vi er positive til utprøving av nye tiltak i distriktspolitikken. Desse har vore relativt uendra over mange år. Samfunnet og føresetnadene for distrikta er i endring, og då bør verkemiddelapparatet tilpassast dette. For å sikre god fordeling av kompetanse og ressursar, er det viktig at fylkeskommunane blir ein sentral part i gjennomføringa av tiltaka. Vi legg vekt på å få samfunn prega av tillit, tryggleik, tilhøyrigheit og tilgang til gode som arbeid, utdanning og gode nærmiljø, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Fleire statlege stillingar i distrikta

Fylkesutvalet er positiv til forslag om forsøk med flere desentraliserte einingar i statlege verksemder for å oppnå auka statleg sysselsetting i distrikta. 

– Dette tiltaket er viktig for å skape varierte og interessante arbeidsplassar i distrikta, men vi kunne ønske oss at utvalet var tydelegare på at statlege institusjonar i større grad må etablerast utanfor dei store byane. Vi ser òg at til dømes vidaregåande skular kan bli utgangspunkt for kontorfellesskap og sambruksløysingar med andre offentlege aktørar, seier Askeland.

Regional samfunnsutviklar

Fylkesutvalet peikar på at fylkeskommunen har viktig rolle som regional samfunnsutviklar. 

– Dette ønskjer vi å utvikle vidare. Behovet for regional samordning og samarbeid er stort. Vi kan ikkje sjå at denne rolla er vurdert og omtala i nemnande grad. Vi vil peike på at fleire av dei utfordringane som er utgreidd, fell innanfor område der fylkeskommunen har verkemiddel og kompetanse til å bidra, seier fylkesordføraren.  

God distriktspolitikk

Fylkesutvalet meiner vidare at kommunane og har viktig rolle som samfunnsutviklarar, og samspelet mellom det offentlege, næringsliv og innbyggjarar, er sentralt i ein god distriktspolitikk. 

–  Eit døme er LivOGLyst-programmet, som har vore aktivt sidan 2007. Det har medverka til innbyggjarinvolvering og levande lokalsamfunn som grunnlag for bulyst, god folkehelse og næringsutvikling. Eit anna døme er «Gloppen-modellen», eit samarbeid mellom kommunen, fylkeskommunen, NAV og lokale bedrifter om målretta fagopplæring for minoritetsspråklege. Her er det oppnådd gode resultat der kommunar og lokale, private bedrifter har fått tilført fagutdanna personale. Modellen har vekt nasjonal merksemd, seier Askeland. 

Gode vegar

Eit anna punkt fylkesutvalet peikar på er behovet for gode samferdsler og vegar. 

– Gode vegar er avgjerande for god nærings- og arbeidsmarknadsutvikling og velfungerande distrikt og lokalsamfunn. Vi ønskjer satsing på vegprosjekt som bind regionane tettare saman, og ser gjerne at fylkeskommunen blir meir involvert i NTP- prosessane ved å finne løysingar på regionale utfordringar, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Les heile høyringsvedtaket til Vestland fylkesutval (pdf)